Ledig stilling på Universitetet i Stavanger

Praksiskoordinator for barnehagelærarutdanninga

Søknadsfrist: 17.02.2020

Om stillinga

Universitetet i Stavanger søkjer etter praksiskoordinator for barnehagelærarutdanninga ved Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora. Stillinga, som er ledig frå 1.august 2020, er plassert ved fakultetsadministrasjon med oppgåver for Insttutt for barnehagelærarutdanning. Kontorsjef er nærmaste overordna.

Universitetet i Stavanger

Universitetet i Stavanger (UiS) har om lag 11.000 studentar og 1.600 tilsette. Universitetet ligg i Noregs tredje største byregion, med ein dynamisk arbeidsmarknad og spennande kultur- og fritidsaktivitetar. Vi er einaste norske medlem av European Consortium of Innovative Universities (ECIU). Universitetet skal vere ei drivkraft i regionen si kunnskapsutvikling og eit internasjonalt forskingsuniversitet med vekt på nyskaping og innovasjon. Saman med dei tilsette og studentane våre vil vi utfordre det velkjente og utforske det ukjente.


Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora er den viktigaste institusjonen i regionen for utdanning av lærarer til barnehage, grunnskule, vidaregåande skule, høgskule og universitet. Fakultetet tilbyr også grunnutdanning innanfor språk, religion, historie, samt åtte masterprogram og to doktorgradsutdanningar. Fakultetet har ein nasjonal posisjon innanfor forsking og undervisning i lese- og skrivevanskar og åtferdsvanskar gjennom Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking (Lesesenteret) og Nasjonalt senter for læringsmiljø og åtferdsforsking (Læringsmiljøsenteret). Fakultetet samarbeider med Utdanningsdirektoratet, kommunar og fylke om etter- og vidareutdanning. Totalt har fakultetet om lag 3.000 studentar og 320 tilsette fordelte på Institutt for barnehagelærarutdanning, Institutt for grunnskulelærarutdanning, idrett og spesialpedagogikk, Institutt for kultur- og språkvitskap, Lesesenteret og Læringsmiljøsenteret.

Hovudoppgåver

  • sakshandsame og rådgje innanfor praksisområdet
  • planlegga og organisera praksisperiodane
  • følgje opp studentar og praksisbarnehagar
  • delta i utvikling av praksisstudiet i samarbeid med faglærarane og praksislærarar

Kvalifikasjonskrav

Den som vert tilsett må ha:

  • høgare utdanning innanfor relevant fagområde, gjerne som barnehagelærar. Utdanning utover dette innanfor felta administrasjon og leiing, pedagogikk, rettleiing eller liknande vil bli tillagt vekt
  • kjennskap til barnehagelærarutdanninga og barnehagefeltet i Norge/Skandinavia
  • god framstillingsevne på norsk eller eit anna skandinavisk språk

Vidare leggs det vekt på at den som vert tilsett har:

  • røynsle med tilsvarande arbeid
  • evne til å abeide sjølvstendig, nøyaktig og strukturert
  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, er serviceinnstilt og løysningsorientert
  • god kompetanse på relevante dataverktøy

Vi tilbyr

  • varierte arbeidsoppgåver i ein stor, spanande og samfunnsviktig organisasjon
  • eit ambisiøst arbeidsfellesskap og eit inkluderande arbeidsmiljø
  • løn som rådgivar etter Statens lønnsregulativ l.pl 90.500, kode 1434, kr 496.000 - 600.000 bto pr år. I særskilte tilfelle kan høgare løn vurderast.
  • gunstige vilkår i Statens pensjonskasse
  • meir om tilsettgode og fordeler på uis.no

Kontaktinformasjon

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Kontorsjef Olav Kylland, tlf: 51834239, e-post: olav.kylland@uis.no eller til
  • Praksiskoordinator Bjørg Danielsen Jølbo, tlf: 51833257, e-post: bjorg.d.jolbo@uis.no

Opplysningar om tilsettingsprosessen kan ein få ved å vende seg til HR-rådgjevar Grete Marnburg, tlf: 51833545, e-post: grete.marnburg@uis.no

Søknad

Søk stillinga elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida. Her registrerast søknad og CV med relevant utdanning og arbeidsrøynsle.

Relevante vitnemål og attestar skal lastas opp som vedlegg til søknaden. Dokumentasjonen må ligg føre på eit skandinavisk språk eller engelsk. Dersom vedlegga overskrid 30 MB til saman må dei komprimerast før dei vert lasta opp.

Opplysningar og dokumentasjon som det skal takast omsyn til ved vurdering må vere registrert innan søknadsfristen løp ut. Kontaktinformasjon til tre referansepersonar skal komme fram av søknad eller på førespurnad.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjar kan bli offentliggjort sjølv om søkjar har bede om ikkje å bli ført opp på offentlig søkjerliste, jf offentleglova § 25.

UiS vurderer bare søknader og vedlegg registrert i JobbNorge

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS