LEDIG STILLING PÅ UNIVERSITETET I STAVANGER

Forskingsadministrativ rådgjevar - Det teknisk-naturvitskaplege fakultet

Søknadsfrist: 04.10.2022

Universitetet i Stavanger

Universitetet i Stavanger (UiS) har omlag 12 000 studentar og 1.900 tilsette. Universitetet har store ambisjonar. Vi skal ha en innovativ og internasjonal profil og vera ei drivkraft i kunnskapsutviklinga og endringsprosessar i samfunnet. Vår felles retning skal drivast fram av omtanke for berekraftig omstilling og rettferdig samfunnsutvikling, gjennom nye måtar å forvalte naturressursane på og ved å legge til rette for betre byar og lokalsamfunn. Energi, helse og velferd, læring for livet er våre satsingsområde.


I samspel og dialog med våre omgjevnadar regionalt, nasjonalt og internasjonalt har vi eit ope og innovativt klima for utdanning, forsking, kunstnarisk utviklingsarbeid, nyskaping, formidling og museumsverksemd. Den faglege verksemda ved UiS er organisert i seks fakultet med 13 institutt og 2 nasjonale forskings- og kompetansesenter i tillegg til Arkeologisk museum. Vi er medlem i det europeiske nettverket for innovative universitet – European Consortium of Innovative Universities (ECIU). Universitetet ligg i den mest attraktive regionen i landet med 300.000 innbyggjarar. Stavangerregionen har et dynamisk arbeidsmarknad og tilbyr ei rekke spennande kultur- og fritidsaktivitetar.

Saman med dei tilsette og studentane våre vil vi løfta blikket, og våga å tenke stort og nytt - vi utfordre det velkjente og utforske det ukjente.


Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet tilbyr utdanningar på bachelor-, master- og doktorgradsnivå. Fakultetet har eit nært samarbeid om forsking med NORCE og industrien i regionen. Ei rekkje master- og doktorgradsoppgåver blir laga i samarbeid med industrien. Fakultetet har etablert forskingssamarbeid med universitet i USA og Europa, og har utvikla flere fagmiljø som er internasjonalt leiande. Fakultetet har om lag 2.800 studentar og 400 tilsette fordelte på Institutt for data- og elektroteknikk, Institutt for maskin, bygg og materialteknologi, Institutt for matematikk og fysikk, Institutt for kjemi, biovitskap og miljøteknologi, Institutt for energi- og petroleumsteknologi, Institutt for energiressursar og Institutt for sikkerheit, økonomi og planlegging.

Om stillinga

Universitetet i Stavanger har ledig stilling som forskingsadministrativ rådgjevar ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultet, fakultetsadministrasjonen, Eining for prosjektstøtte og ph.d.-administrasjon. Stillinga er ledig frå 01.11.2022.

Den som vert tilsett vil verte ein del av prosjektstøttegruppa som skal bidra til god ressursutnytting og resultatoppnåing for fakultetet gjennom å sørga for god og effektiv støtte til prosjektleiar/-grupper ved fakultetet. Den som vert tilsett vil få tildelt særskild arbeidsområde i fakultetet.

Prosjektstøttegruppa på fakultetet held til på Kjølv Egelands hus på UiS og består av 6 rådgjevarar som til saman støttar forskarar og prosjektleiarar ved 7 institutt.

Hovudoppgåver

  • koordinering av prosjektadministrative oppgåver, væra eit bindeledd mellom forskar/prosjektleiar og dei ulike interne avdelingane som er involvert, samt eksterne partnerar
  • halda kontinuerleg oversikt over FoU prosjektportefølje, og identifisera moglegheiter ved nye kunngjeringar
  • støtta prosjektleiar med administrative oppgåver, samt gjennomføring av konferansar, seminar og workshops
  • prosjektrapportering ved eksterne forskingsprosjekt
  • bidra til samarbeid og erfaringsutveksling på tvers av einingar

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • relevant høgare utdanning på nivå med mastergrad, fortrinnsvis innanfor realfag/teknisk-naturvitskapleg fagområde. Særskild relevant erfaring kan kompensera for utdanningskravet.
  • erfaring innan prosjektarbeid
  • erfaring med bruk av relevante IT-verktøy
  • god og tydeleg munnleg og skriftleg kommunikasjonsevne, norsk og engelsk

Vidare vert det lagt vekt på at du:

  • har erfaring frå forskingsadministrasjon, prosjektkoordinering, prosjektrapportering og konferanse- og workshops arrangement
  • er serviceinnstilt, fleksibel og løysingsorientert
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, samt kjennskap til høgare utdanning og forsking.
  • er initiativrik, sjølvstendig, strukturert og har god økonomisk forståing.
  • er resultatorientert og tar ansvar for gjennomføring av gode arbeidsprosessar

Vi tilbyr

  • varierte arbeidsoppgåver i ein stor organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
  • et ambisiøst arbeidsfellesskap og eit inkluderande arbeidsmiljø
  • løn etter Statens lønsregulativ l.pl 90.500, kode 1434, kr 516 000- 615 000 bto pr år. I særskilte tilfelle kan høgare løn verte vurdert. Frå løna vert det trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse som sikrar gode pensjons- og forsikringsordningar
  • meir om gode for tilsette og fordelar på våre nettsider

Mangfald

Universitetet sine verdiar er å vere uavhengig, involverande og skapande. Vi vurderer mangfald som ein ressurs i arbeids- og læringsmiljøet vårt, og er opptatt av å vise respekt for kvarandre sine ulikheiter og bakgrunn. Universell utforming skal prega dei fysiske og digitale læringsmiljøa våre, og arbeidsplassen vil om naudsynt verte lagt til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne.

Dersom du vurderer stillinga som interessant oppmodar vi deg til å søke, uavhengig av kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller om har vore utafor arbeidslivet ein periode.

Kontaktinformasjon

Spørsmål om stillinga kan rettast til:

Spørsmål om tilsetjingsprosessen kan rettast til HR-rådgjevar Margot A.Treen, tlf: 51831419, e-post: [email protected]

Søknad

Søk stillinga elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida. Her vert minimum søknadsbrev, relevant utdanning og arbeidserfaring samt språkferdighetar. I søknadsbrevet må du få fram kva kompetanse og motivasjon du har for stillinga.

Ein meir utfyllande CV, vitnemål, attester og eventuelt annan dokumentasjon som du vil det skal tas omsyn til ved vurdering av søknaden, må lastas opp som vedlegg. Dokumentasjonen må finnast på eit skandinavisk språk eller engelsk. Dersom vedlegga overskrid 30 MB til saman, må de komprimerast før opplasting.

Søknaden vert vurdert ut frå informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge ved søknadsfristen. Sørg derfor for at søknaden tydeleg viser korleis evnene og erfaringane dine oppfyller kompetansekrava som det er skrive om over.

Vi gjer merksame på at opplysningar om søkjar kan verte offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om ikkje å verte oppført på offentleg søkjarliste, jf offentleglova § 25. Dersom ditt ønskje ikkje vert tatt til følgje, vil du verte varsla om dette.

UiS vurderer berre søknader og vedlegg registrert i Jobbnorge.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS