Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Rådgjevar (mellombels) - Institutt for klinisk odontologi

Søknadsfrist: 19.04.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Rådgjevar

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi, er det ledig ei stilling som rådgjevar (20 %) for ein periode på inntil tre (3) år. Stillinga er knytt til prosjektet ” Maxibone”, finansiert av EU Commission (H2020, 779322) og NFR (BEHANDLING, 273551).

Arbeidsoppgåver:

  • Utgreiings- og utviklingsoppgåver som krev spesialkompetanse innanfor eit eller fleire saksområder/fagfelt
  • Rådgjeving (rettleiingsoppgåver, t.d. i forbindelse med kompetansebygging innanfor eit særskilt saksområde eller fagfelt)
  • Oppgåver av særleg komplisert karakter som krev stor grad av samhandling og sjølvstende
  • Generell forskingsstøtte for kliniske studiar (i hovudsak Maxibone)
  • Utarbeiding av studiedokumentar, avtaleoppsett, rapportering, m.v.

Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha mastergrad. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
  • Det er ønskeleg med erfaring frå styring av internasjonale, multisenter, kliniske legemiddelutprøvingar
  • Søkjar bør ha god kunnskap om Good Clinical Practice og erfaring frå regulatoriske prosessar knytt til kliniske legemiddelutprøvingar

Vi søkjer ein person som:

  • har stor grad av sjølvstende og evne til problemløysing
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
  • har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
  • kan raskt sette seg inn i ulike problemstillingar som kan oppstå i prosjekter som «Maxibone»
  • har erfaring med overvakings- og rapporteringskrav i kliniske legemiddelutprøvingar

Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi kan tilby:

  • Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Stilling som rådgjevar (kode 1434) i lønssteg 58-64 (for tida kr 513 600 – 573 100). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Cecilie Gudveig Gjerde, e-post: cecilie.gjerde@uib.no, telefon: 55 58 64 41 eller
  • Kamal Mustafa, e-post: kamal.mustafa@uib.no, telefon: 55 58 60 97

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS