LEDIG STILLING PÅ UNIVERSITETET I STAVANGER

Rådgjevar innanfor vitskapleg arkiv

Søknadsfrist: 30.11.2021

Universitetet i Stavanger

Universitetet i Stavanger (UiS) har omlag 12 000 studentar og 1.900 tilsette. Universitetet har store ambisjonar. Vi skal ha ein innovativ og internasjonal profil og vere ei drivkraft i kunnskapsutviklinga og endringsprosessar i samfunnet. Vår felles retning skal drivast fram av omtanke for berekraftig omstilling og rettferdig samfunnsutvikling, gjennom nye måtar å forvalte naturressursane på og ved å legge til rette for betre byar og lokalsamfunn. Energi, helse og velferd, læring for livet er våre satsingsområde.

I samspel og dialog med våre omgjevnadar regionalt, nasjonalt og internasjonalt har vi eit ope og innovativt klima for utdanning, forsking, kunstnarisk utviklingsarbeid, nyskaping, formidling og museumsverksemd. Den faglege verksemda ved UiS er organisert i seks fakultet med 13 institutt og 2 nasjonale forskings- og kompetansesenter i tillegg til Arkeologisk museum. Vi er medlem i det europeiske nettverket for innovative universitet – European Consortium of Innovative Universities (ECIU). Universitetet ligg i den mest attraktive regionen i landet med 300.000 innbyggjarar.


Stavangerregionen har ein dynamisk arbeidsmarknad og tilbyr ei rekke spennande kultur- og fritidsaktivitetar.

Saman med dei tilsette og studentane våre vil vi løfte blikket, og våge å tenke stort og nytt - vi utfordre det velkjente og utforske det ukjente.

Arkeologisk museum er eit tverrfagleg museum med oppgåver innanfor forsking, formidling, fornminnevern, konservering samt dokumentasjon og samling. Muséet har eit vitskapleg personale med forskarar innanfor arkeologi, konservering, ulike naturfag og nyare tids kulturhistorie. Det museumsfaglege personalet dekkjer fleire felt innanfor konservering, laboratorium, fototenester, arkiv og vitskaplege samlingar, forvaltningsoppgåver gjeve i Lov om kulturminne, utstillingsproduksjon, grafisk formgiving, skuleteneste, publikumstilbod og utleigeverksemd. Muséet driv eit forlag med to seriar som er poenggivande i CRIStin. Muséet har i dag omlag 90 fast tilsette fordelt på fire fagavdelingar og ein administrasjon.

Om stillinga

Universitetet i Stavanger har ledig stilling som rådgjevar innanfor vitskapleg arkiv ved Arkeologisk museum, Avdeling for samlingar. Avdelinga forvaltar muséet sine arkeologiske og naturvitskaplege samlingar, vitskapleg arkiv, fotodokumentasjon og tilhøyrande digitale databasar.

Stillinga er knytt til forvaltning av analogt og digitalt fotoarkiv, som utgjer eit sentralt dokumentasjonsmateriale for kunnskap om arkeologien i Rogaland. Den som vert tilsett skal også utføre andre arkivoppgåver knytt til det vitskaplege arkivet, og vil inngå i team med fotograf og fagansvarleg for vitskapleg arkiv.

Stillinga er ledig frå 01.01.2022 og ein ønsker tilsetting snarast mogleg.

Hovudoppgåver

  • forvaltning av analogt og digitalt fotoarkiv (MUSIT)
  • følgje opp innlevering av foto og fotolister på muséet
  • justering av foto med fotobehandlingsprogram
  • vere bilderedaktør for muséet sine publikasjonar
  • samarbeide med fotograf om å utvikle nye rutinar og arbeidsflyt
  • følgje opp førespurnadar om lån av foto opp mot policy og arkivere utlånsbrev
  • følgje opp førespurnadar i Digitalt Museum
  • arbeide med digitalisering av analoge format
  • samarbeide med fagansvarleg for vitskapleg arkiv om andre arkivoppgåver

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • mastergrad eller tilsvarande utdanning innanfor kulturhistoriske fag som arkeologi, historie eller kulturvitskap. Særskild relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
  • relevant erfaring, der erfaring med publikumskontakt og dokumentert arkivkompetanse vil vere ein fordel
  • erfaring med bruk av digitale fotobehandlingsprogram som Photoshop, Bridge, Lightroom eller tilsvarande. Erfaring med arkivsystemet Public 360 er ein fordel
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk eller anna skandinavisk språk og engelsk

Vidare blir det lagt vekt på at du:

  • er strukturert og målretta, og har evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • har kjennskap til bruk av databasar for samlingsforvaltning som MUSIT eller tilsvarande
  • er serviceinnstilt, fleksibel og imøtekommande
  • har gode evne til kommunikasjon og samarbeid, og motivasjon for arbeid på tvers av avdelingane på muséet
  • er proaktiv, resultatorientert og tar ansvar for gjennomføring av gode arbeidsprosessar

God kjennskap til regionen er ein fordel.

Vi tilbyr

  • varierte arbeidsoppgåver i ein stor organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
  • ein ambisiøs arbeidsfellesskap og eit inkluderande arbeidsmiljø
  • løn etter Statens lønnsregulativ l.pl 90.500, kode 1434, kr 516.000 - 615.000 bto pr år. I særskilte tilfelle kan høgare løn bli vurdert. Frå løna vert det trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse som sikrar gode pensjons- og forsikringsordningar
  • meir om gode for tilsette og fordelar på våre nettsider

Mangfald

Universitetet sine verdiar er å vere uavhengig, involverande og skapande. Vi vurderer mangfald som ein ressurs i arbeids- og læringsmiljøet vårt, og er opptatt av å visa respekt for kvarandre sine ulikheiter og bakgrunn. Universell utforming skal prega dei fysiske og digitale læringsmiljøa våre, og arbeidsplassen vil om nødvendig bli lagt til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne.

Dersom du vurderer stillinga som interessant oppmodar vi deg til å søke uavhengig av kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller om du har vore utafor arbeidslivet ein periode.

Universitetet vil rekruttera fleire menn til avdelinga og oppmodar derfor spesielt menn til å søke. Dersom fleire søkjarar vert vurdert til å ha likeverdige kvalifikasjonar, vil en mann bli prioritert føre ei kvinne.

Kontaktinformasjon

Spørsmål om stillinga kan rettast til avdelingsleiar Håkon Reiersen, tlf: 51832588, e-post: hakon.reiersen@uis.no

Spørsmål om tilsetjingsprosessen kan rettast til HR-rådgjevar Janne V. Endresen, tlf: 51831216, e-post: janne.v.endresen@uis.no

Søknad

Søk på stillinga elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida. Her vert minimum søknadsbrev, relevant utdanning og arbeidserfaring samt språkferdighetar registrert. I søknadsbrevet må du få fram kva kompetanse og motivasjon du har for stillinga.

Ein meir utfyllande CV, vitnemål, attestar og eventuelt annan dokumentasjon som du vil det skal tas omsyn til ved vurdering av søknaden, må lastas opp som vedlegg. Dokumentasjonen må finnast på eit skandinavisk språk eller engelsk. Dersom vedlegga overskrid 30 MB til saman, må dei komprimerast før opplasting.

Søknaden vert vurdert ut frå informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge ved søknadsfristen. Sørg derfor for at søknaden tydeleg viser korleis evnene og erfaringane dine oppfyller kompetansekrava som det er skrive om over.

Vi gjer merksame på at opplysningar om søkjar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjer har bedd om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste, jf offentleglova § 25. Dersom ønsket ditt ikkje blir tatt til følgje, vil du bli varsla om dette.

UiS vurderer berre søknadar og vedlegg som er registrert i Jobbnorge.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS