LEDIG STILLING PÅ UNIVERSITETET I STAVANGER

Rådgjevar - informasjonssikkerheit og personvern

Søknadsfrist: 28.09.2021

Universitetet i Stavanger

Universitetet i Stavanger (UiS) har omlag 12 000 studentar og 1.900 tilsette. Universitetet har store ambisjonar. Vi skal ha en innovativ og internasjonal profil og vera ei drivkraft i kunnskapsutviklinga og endringsprosessar i samfunnet. Vår felles retning skal drivast fram av omtanke for berekraftig omstilling og rettferdig samfunnsutvikling, gjennom nye måtar å forvalte naturressursane på og ved å legge til rette for betre byar og lokalsamfunn. Energi, helse og velferd, læring for livet er våre satsingsområde.


I samspel og dialog med våre omgjevnadar regionalt, nasjonalt og internasjonalt har vi eit ope og innovativt klima for utdanning, forsking, kunstnarisk utviklingsarbeid, nyskaping, formidling og museumsverksemd. Den faglege verksemda ved UiS er organisert i seks fakultet med 13 institutt og 2 nasjonale forskings- og kompetansesenter i tillegg til Arkeologisk museum. Vi er medlem i det europeiske nettverket for innovative universitet – European Consortium of Innovative Universities (ECIU). Universitetet ligg i den mest attraktive regionen i landet med 300.000 innbyggjarar. Stavangerregionen har et dynamisk arbeidsmarknad og tilbyr ei rekke spennande kultur- og fritidsaktivitetar.

Saman med dei tilsette og studentane våre vil vi løfta blikket, og våga å tenke stort og nytt - vi utfordre det velkjente og utforske det ukjente.

Om stillinga

Universitetet i Stavanger søkar etter ein rådgjevar innan informasjonssikkerheit og personvern. Stillinga er lagt til IT-avdelinga, Seksjon for informasjonsforvaltning.

I tillegg til å ha hovudansvar for dokumentasjonsforvaltning ved UiS, har seksjonen ansvar for å bygge opp ein god forvaltning av informasjonssikkerheit og personvern i verksemda. Innan dette feltet ligger ansvaret for å etablere og vedlikehalde eit leiingssystem for informasjonssikkerheit og personvern som svarar ut krava i Kunnskapsdepartementets Policy for informasjonssikkerheit og personvern i høgare utdanning og forsking. Personen som skal tilsettast vil vera ein del av eit team som arbeider med informasjonstryggleik. og i eit team leia av seksjonsleiar. Arbeidsgruppa vil òg kunne få ansvar og oppgåver innafor andre sikkerheitsområde regulert i lovverket.

Arbeidsområdet er i skjeringspunktet mellom informasjonsteknologi, informasjonsforvaltning og jus, og krev interesse for alle disse fagfelta. Arbeidet inneberer regelmessig kontakt og samarbeid med informasjonssikkerheitsansvarleg (ISA/CISO, p.t. IT-direktøren), personvernombod (PVO/DPO), kvalitetsleiar i IT-avdelinga, kontaktpersonar ved dei ulike einingane ved UiS samt lokalt Incident Respons Team (IRT). Det vil òg tidvis vere aktuelt å samhandle med ulike institusjonar for UH-sektoren, samt ulike offentlege organ som arbeider med problemstillingar innan informasjonssikkerheit og personvern.

Hovudoppgåver

  • bidra til haldnings- og informasjonsarbeid innan informasjonssikkerheit & personvern ved UiS
  • utarbeide og vedlikehalde styrande dokumenter og informasjon på UiS sine nettsider
  • bidra med strategisk og operasjonell rådgjeving innan informasjonssikkerheit og personvern
  • forvalte leiingssystemet for informasjonssikkerheit & personvern
  • bidra med kunnskap innafor utforming av IT -arkitektur og ein heilskapleg informasjonsforvaltning
  • bidra med fortolking av lovverk og implementering av dette i den daglege forvaltninga av informasjonssikkerheit i verksemda
  • bidra med drift og utvikling av IT- systema som forvaltar informasjonssikkerheiten
  • følge med utvikling innan fagfeltet, nye lovkrav, trusselbilde etc.
  • bidra i prosjekter med kunnskap og arbeidskapasitet

Kvalifikasjonar

Du bør ha:

  • relevant høgare utdanning på fortrinnsvis masternivå. Utdanninga bør inkludere eit eller fleire av desse fagområda; informatikk, informasjonsvitskap, jus, revisjon eller samfunnsfag/sikkerheit.
  • minimum to års erfaring frå arbeid med leiingssystem og risikovurdering
  • gode kunnskapar om lovverk og standardar knytt til informasjonssikkerheit
  • kjennskap til sikkerheitskomponentar i nettverk & infrastruktur

Vidare vert det lagt vekt på at du har:

  • høg arbeidskapasitet, er effektiv, lyttande, målretta, nøyaktig og sjølvstendig
  • gode samarbeidsevner og fungerer godt i tverrfaglege team
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • evne til og interesse for å jobbe oppsøkande og utretta
  • evne til og interesse for kunnskapsformidling tilpassa behovet til ulike grupper

Vi tilbyr

  • varierte arbeidsoppgåver i ein stor organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
  • ein ambisiøs arbeidsfellesskap og eit inkluderande arbeidsmiljø
  • løn etter Statens lønnsregulativ l.pl 90.500, kode 1434, kr 600.000 - 700.000 bto pr år. I særskilte tilfelle kan høgare løn bli vurdert. Frå løna vert det trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse som sikrar gode pensjons- og forsikringsordningar
  • meir om gode for tilsette og fordelar på våre nettsider

Mangfald

Universitetet sine verdiar er å vere uavhengig, involverande og skapande. Vi vurderer mangfald som ein ressurs i arbeids- og læringsmiljøet vårt, og er opptatt av å visa respekt for kvarandre sine ulikheiter og bakgrunn. Universell utforming skal prega dei fysiske og digitale læringsmiljøa våre, og arbeidsplassen vil om nødvendig bli lagt til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne.

Dersom du vurderer stillinga som interessant oppmodar vi deg til å søke uavhengig av kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller om du har vore utafor arbeidslivet ein periode.

Kontaktinformasjon

Spørsmål om stillinga kan rettast til:

Spørsmål om tilsetjingsprosessen kan rettast til HR-konsulent Annette Falch Lothe, tlf: 51 83 13 61, e-post: [email protected]

Søknad

Søk på stillinga elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida. Her vert minimum søknadsbrev, relevant utdanning og arbeidserfaring samt språkferdighetar registrert. I søknadsbrevet må du få fram kva kompetanse og motivasjon du har for stillinga.

Ein meir utfyllande CV, vitnemål, attestar og eventuelt annan dokumentasjon som du vil det skal tas omsyn til ved vurdering av søknaden, må lastas opp som vedlegg. Dokumentasjonen må finnast på eit skandinavisk språk eller engelsk. Dersom vedlegga overskrid 30 MB til saman, må dei komprimerast før opplasting.

Søknaden vert vurdert ut frå informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge ved søknadsfristen. Sørg derfor for at søknaden tydeleg viser korleis evnene og erfaringane dine oppfyller kompetansekrava som det er skrive om over.

Vi gjer merksame på at opplysningar om søkjar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjer har bedd om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste, jf offentleglova § 25. Dersom ønsket ditt ikkje blir tatt til følgje, vil du bli varsla om dette.

UiS vurderer berre søknadar og vedlegg som er registrert i Jobbnorge.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS