LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Rådgjevar ved UiB Videre

Søknadsfrist: 10.06.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.

Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om studieadministrativ avdeling her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Rådgjevar ved UiB Videre

Universitetet i Bergen søkjer ein utadretta og oppsøkjande rådgjevar i arbeidet med livslang læring. Som tilbydar av framifrå forskingsbasert utdanning, er det ei sentral oppgåve å forvalte denne kunnskapen som del av vidareutdanningar for alle livsfasar.Stillinga er plassert ved UiB Videre som er den sentrale eininga for livslang læring ved UiB, lokalisert i Media City Bergen.

Arbeidsoppgåver:

Rådgjevaren skal bidra til å utvikle og administrere nye vidareutdanningstilbod i samarbeid med fagmiljø og eksterne aktørar. Rådgjevaren vil arbeide tett med fagmiljøa ved UiB og utstrekt samarbeid med arbeids- og næringsliv i offentleg og privat sektor. Rådgjevaren skal rettleie fagmiljøa i korleis nye tilbod kan utviklast og etablere gode og berekraftige samarbeidsflater med eksterne aktørar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Høgre utdanning på minimum mastergradsnivå.
  • Gode kunnskapar om digitaliseringprosessar.
  • Har allereie eit etablert nettverk innan arbeids- og næringsliv, og er god til både å skape, vedlikehalde og ta i bruk slike nettverk.
  • Har kunnskap og erfaring med arbeidslivets eigenart og behov for kompetanse.
  • Solid evne til å arbeide både sjølvstendig og samhandlingsorientert.
  • Prosjektleiarerfaring med vekt på innovative løysingar, prosjekt- og porteføljestyring.
  • Prosjektøkonomisk kunnskap og erfaring med anbods- og søknadsprosessar.
  • Kunnskap om og erfaring med design av aktivitetar og tenester innan kunnskapsutvikling.
  • God arbeidskapasitet, fleksibilitet, gjennomføringsevne, personleg dugleik og solide samarbeidsevner vil verta vektlagd.
  • Det krevast gode språkkunnskapar og god evne til å kommunisere munleg og skriftleg

Vi kan tilby:

  • Ein stimulerande og utfordrande arbeidskvardag med høg grad av sjølvstende.
  • Å bidra til å utvikle UiB Videre som ei sentral eining ved UiB og realisere målsetjingane for livslang læring.
  • Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling.
  • Løn etter statens regulativ som rådgjevar(kode 1434) i ltr. 73 – 78 (for tida kr. 689 600 - 776 900) avhengig av kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Fleksibel arbeidstidsordning. Noko reiseaktivitet må påreknast.
  • Gunstig pensjons- og forsikringsordning gjennom Statens pensjonskasse med mellom anna eit av marknadens billegaste bustadlån.
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Roald Valle (roald.valle@uib.no), telefon: +47 455 01 624

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stillinga

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS