Rådgjevar (studieleiar) - Det samfunnsvitskaplege fakultet
Søknadsfrist: 20.08.2020
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Rådgjevar (studieleiar)
Vi ønskjer deg velkomen som søkjar til fast stilling som studieleiar ved Det samfunnsvitskaplege fakultet. Stillinga er på rådgjevar-nivå og knytt til Institutt for informasjons- og medievitskap
Institutt for informasjons- og medievitskap er eit tverrfagleg, forskingsintensivt fagmiljø med forskingsgrupper og studietilbod innan media og kommunikasjon, informasjonsvitskap, journalistikk, interaksjonsdesign samt TV-produksjon. Instituttet har for tida 35 vitskaplege stillingar og 25 ph.d.-kandidatar og postdoktorar. Om lag 1000 studentar er knytt til instituttets bachelor- og masterprogram.
Den som blir tilsett vil få ansvar for å koordinere den studieadministrative verksemda ved instituttet og vere arbeidsleiar for fire studie- og eksamenskonsulentar. Arbeidet vil bli utført i samarbeid med administrasjonssjef og den faglege leiinga ved instituttet.
Stillinga inngår i administrasjonen ved instituttet, som har om lag 10 årsverk, og tenester som består av studieadministrasjon, forskings- og økonomistøtte samt teknisk stab. Administrasjonssjef har personalansvar for dei tilsette i administrasjonen.
For meir informasjon om fakultetet og instituttet viser vi til: http://www.uib.no/svf/ og https://www.uib.no/infomedia.
Arbeidsoppgåver:
Arbeidsleiar for studie- og eksamenskonsulentane og koordinering av den studieadministrative verksemda
Utrednings- og utviklingsarbeid på studiefeltet
Informasjonsarbeid, i hovudsak nettbasert
Studieprogramkoordinering og rettleiing
Studieadministrativ saksbehandling
Ansvar for konferansar og andre større arrangement ved instituttet
Praktisk støtte til administrasjonssjef
Andre studierelaterte oppgåver
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Mastergrad. Det er ein føremon med samfunnsvitskaplege fag i fagkretsen
Relevant studieadministrativ praksis. Det er ein føremon med erfaring frå universitets- og høgskulesektoren
God administrativ IT-kompetanse. Kjennskap til universitetet sine administrative system er ein føremon
Gode leiar- og samarbeidsevner
Evne til å vere fleksibel, ansvarleg og imøtekommande
Evne til å arbeide systematisk og resultatorientert
God evne til å kommunisere skriftleg og munnleg på norsk og engelsk
Ved intervju vil det bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi kan tilby:
Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver ved eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt.
Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling.
Løn som rådgjevar etter kode 1434 etter hovudtariffavtalene i staten, ltr.62-65. For tida utgjer det mellom 552 800 – 583 900. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte:
Administrasjonssjef Espen Dahle ved Institutt for informasjons- og medievitskap, tlf.: 55 58 3381, e-post: Espen.Dahle@uib.no
Søknad, CV, attestar og vitnemål sendast elektronisk via «Søk stillinga».
Søknaden skal merkast 2020/7172
Søknadsfrist: 20. august 2020
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinjene som til kvar tid gjeld for stillinga