Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om HR-avdelinga her.
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Rådgjevar
Er du ein jurist med interesse for arbeidsrett som ønsker å utvikle deg innanfor feltet ved Universitetet i Bergen?
Stillinga er lagt til Seksjon for arbeidsgjevarpolitikk og strategi. Seksjonen har det overordna og koordinerande ansvaret for å utvikle og følge opp strategi, politikk og reglar knytt til UiBs arbeidsgjevarpolitikk og -praksis.
Avdelinga støtter og rådgjer universitetet sine leiarar og tilsette i HR- og organisasjonsfaglege spørsmål. Ved sida av arbeidsgjevarpolitikk, har HR-avdelinga mellom anna ansvar for leiar- og organisasjonsutvikling, sakshandsaming og leiarstøtte på personalfeltet, sikring og utvikling av arbeidsmiljøet og dokumenthandsaming.
Hovudoppgåvene i stillinga vil vere knytt til arbeidsrettsfeltet i ei statleg verksemd innanfor universitets- og høgskulesektoren. Dette inneber arbeid med aktuelt lovverk innanfor både individuell og kollektiv arbeidsrett. Det må også påreknast arbeidsoppgåver innan heile HR-avdelinga sitt fagfelt.
Du vil jobbe saman med fleire juristar og andre røynde medarbeidarar i eit miljø med brei HR-fagleg kompetanse. Du vil få varierte oppgåver og gode moglegheiter til å bidra innan heile HR-feltet.
Arbeidsoppgåver:
Leiarstøtte i prosessar og i enkeltsaker
Rettleiing, rådgjeving og sakshandsaming innan det arbeidsrettslege området, til dømes personal- og varslingssaker
Formidling og opplæringsverksemd innan HR sitt ansvarsområde
Juridisk rådgjeving om/retta mot internasjonale arbeidsforhold
Deltaking i prosjekter og utviklingsarbeid
Utgreiingsoppgåver, høyringar og handsaming av innsynskrav
Utvikling og vedlikehald av reglar, rutinar og retningsliner
Arbeidsoppgåver knytt til kollektiv arbeidsrett/tariffavtalar, til dømes lønsoppgjer og anna partssamarbeid
Nye oppgåver kan kome til
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Masterutdanning i rettsvitskap
Relevant arbeidserfaring
Det er ein fordel med kjennskap til offentleg forvaltning og universitets- og høgskolesektoren
Initiativrik, med evne til å sette seg raskt inn i nye problemstillingar
Evne til å arbeide sjølvstendig og i samarbeid med andre
Strukturert, ansvarleg og i stand til å handtere fleire prosessar samtidig
God munnleg og skriftleg framstillingsevne
Vi kan tilby:
Eit godt arbeidsmiljø i moderne lokale
God moglegheiter for kompetanseutvikling
Stilling som rådgjevar (kode 1434). Løn kr 670 000 - 720 000 i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.