Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Rådgjevar
Vi ønskjer deg velkomen som søkjar til fast stilling som HR-rådgjevar ved fakultetsadministrasjonen for Det psykologiske fakultet. Stillinga vil vere fysisk plassert ved administrasjonen sine kontor, anten i Christies gate eller ved Alrek helseklynge på Årstadvollen. Slik det er organisert no er næraste leiar assisterande fakultetsdirektør, men i samband med at fakultetet flytter store deler av verksemda inn i nye lokale i 2020/2021, er det også ein pågåande prosess for å sjå på tenleg organisering av heile administrasjonen. Dette kan innebere nokre endringar i arbeidsstad og stillingsinnhald for denne stillinga.
Arbeidsoppgåver:
Heile rekrutteringsprosessen frå utlysing til tilsetjing
Utgreiings- og utviklingsoppgåver innan personalfeltet
Rådgjeving innan HR for leiarar og tilsette
Saksførebuing for styret og andre utval
Prosjektleiing av tidsavgrensa prosjekt
Arbeid med systematisk HMS og arbeidsmiljøtiltak
Oppgåver knytt til IA og oppfølging av sjukmelde
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjarar må ha mastergrad
Relevant HR-fagleg praksis krevst
Det er ein føremon med erfaring frå universitets- og høgskulesektoren
God administrativ IT-kompetanse
Kjennskap til universitetet sine administrative system er ein føremon
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Evne til å vere fleksibel, ansvarleg og imøtekomande
Evne til å arbeide systematisk, resultatorientert og sjølvstendig
God evne til å kommunisere skriftleg og munnleg på norsk og engelsk
Ved intervju vil det bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi kan tilby:
Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
Stilling som rådgjevar (kode 1434) i lønssteg 58 - 66 (for tida kr 513600- 594400) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Assisterande direktør Ove Borge: telefon 93493038 / 55589060. Ove.Borge@uib.no
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn, hol i CV eller personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. Opplysningar om nedsett funksjonsevne eller hol i CV, kan verte brukt til registreringsføremål i Universitetet i Bergen sin inkluderingsdugnad.
Det vert gjennomført forsøk med anonyme søknader i staten. Anonymisering av søknader skal gjelde den første utsilingsfasen av kandidatar som er aktuelle for intervju.
Forsøket skal evaluerast av Difi, som behandlar anonyme opplysningar av tilsetjingsprosessen, og det blir utarbeidd statistikk over resultata av forsøket. Opplysningar om enkelpersonar blir ikkje levert ut til andre i samband med forsøket og evalueringa, men reglane om innsyn i offentleg søkjarliste og utvida søkjarliste gjeld.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.