Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Rådgjevar (forskingsrådgjevar) - Fakultet for kunst, musikk og design (KMD)

Søknadsfrist: 21.09.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Rådgjevar

Ved Fakultet for kunst, musikk og design (KMD) er det ledig ei stilling som rådgjevar (forskingsrådgjevar).

KMD er med sine ca. 120 tilsette og omlag 650 studentar fordelt på tre institutt. Vi er eit fagleg vidfemnande fakultet, med forskingsaktivitet innan m.a. kunstnarleg utvikling av kunstnarlege og utøvande fagmiljø, i tillegg til vitskapleg forsking innan musikkvitskap og musikkterapi. Som forskingsrådgjevar inngår du i eit team på om lag 3 årsverk og samarbeider tett med andre funksjonar i fakultetsadministrasjonen, som studieseksjon, formidlingsgruppe og ressursgruppe.

KMD er i ein tidleg fase for å få til eksternfinansiert forskingsaktivitet, og har høge målsetjingar om å i endå større grad innhente eksterne midlar. For å nå desse målsetjingane trengs det meir kapasitet innan det forskingsadministrative feltet. Den utlyste stillinga vil vere ei av tre stillingar som forskingsrådgjevar på fakultetet.

Arbeidsoppgåver:

  • Forskingsrådgjeving spesielt retta mot nasjonale/internasjonale forskings- og utdanningsprogram med særleg vekt på posisjonering og utarbeiding av søknader til Prosjektprogrammet for kunstnarleg utviklingsarbeid (Diku), Norges forskingsråd, EU, men også finansieringsprogram retta mot utdanning og andre relevante finansieringskjelder.
  • Ha oversikt over og informere forskarar om relevante finansieringskjelder.
  • Gi råd, rettleiing og assistanse i samband med BOA-søknader (bidrags- og oppdragsaktivitetar) knytt til budsjett, kontraktar, start-, driftsfase og avslutting, inklusive institutta sin del av kontraktarbeidet.
  • Saksutgreiing, utarbeide rapportar, høyringar og evalueringar som institutta og fakultetet er involvert i.
  • Ta del i arbeidet med å styrke BOA-porteføljen og i samarbeid med instituttleiarar og fakultetsleiing utvikle og gjennomføre forskingsstrategien til fakultetet.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Evne til å motivere, skape kontakt og fremje samarbeid.
  • Evne til å ta initiativ og arbeide sjølvstendig, strategisk og målretta.
  • Evne og vilje til raskt å setje seg inn i nye saksfelt og handtere komplekse problemstillingar.
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Fleksibel og serviceinnstilt.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Stilling som rådgjevar (kode 1434) i lønssteg 58-63 (for tida brutto kr 513.600 – 563.700) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn.
  • Spennande og varierte arbeidsoppgåver i eit anerkjend utdannings- og forskingsmiljø.
  • Høve til fagleg og personleg utvikling i nært samarbeid med våre kunstnarlege og vitskaplege tilsette som driv forsking på høgt internasjonalt nivå.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Fakultetsdirektør Synnøve Myhre, e-post: synnove.myhre@uib.no, mobil: 934 84 614

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS