LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Rådgjevar for forsking og leiarstøtte

Søknadsfrist: 05.08.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Rådgjevar for forsking og leiarstøtte

Har du lyst til å vere ei drivkraft innan forskingsadministrasjon, leiarstøtte og formidlingsarbeid ved eit spennande og mangfaldig institutt? Velkomen som søkjar til ei fast 100 % stilling som rådgjevar ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium, Det humanistiske fakultet. 

Instituttet har om lag 80 faste vitskaplege tilsette og om lag 50 stipendiatar og postdoktorar. Vi tilbyr studieprogram i digital kultur, kunsthistorie, teatervitskap, litteraturvitskap, lingvistikk, klassisk filologi, nordisk språk og litteratur, norrøn filologi, norsk som andrespråk og norskkurs for utanlandske studentar og tilsette ved Universitetet i Bergen. 

Vi er stolt vertskap for eit senter for framifrå forsking, Senter for digitale forteljingar, og for tre av dei viktigaste ordbøkene i Noreg. I tillegg har vi fleire store forskingsprosjekt med finansiering frå EU, Noregs forskingsråd og Trond Mohn forskingsstiftelse. 

Rådgjevaren inngår i administrasjonen ved instituttet med 17 tilsette, med administrasjonssjefen som næraste leiar. Rådgjevaren vil òg jobbe tett med instituttleiar og forskingsleiar. 

Arbeidsoppgåver:

Forsking:

  • Rådgje, rettleie og yte støtte til forskingsarbeidet ved instituttet og bidra til å styrke instituttets eksternfinansierte aktivitet.
  • Formidle informasjon om og følgje opp relevante utlysingar av eksterne og interne midlar til både forsking og utdanning.
  • Følgje opp søknadsinitiativ og støtte tilsette i arbeidet med prosjektsøknadar i samarbeid med forskingsadministrasjonen på fakultetet.
  • Yte støtte til forskingsprosjekt i oppstarts- og driftsfase.
  • Vidareutvikle og følgje opp interne rutinar for forsking og forskingsstøtte.
  • Rådgje og rettleie tilsette om forskingsetikk, personvern og datasikkerheit.
  • Bidra til sikker drift og vedlikehald av instituttets forskingsinfrastrukturar.
  • Delta i aktuelle nettverk med fellesadministrasjonen, fakultetet og andre einingar.

Leiarstøtte:

  • Støtte instituttleiinga i arbeid med rapporteringar, høyringar og andre prosessar ved instituttet.
  • Samarbeide med forskingsleiar om å førebu og presentere relevante sakar i instituttets forskings- og forskarutdanningsutval (FFU). 
  • Samarbeide med forskingsleiinga og ph.d.-koordinator ved instituttet om karriereutvikling for unge forskarar.

Formidling og publiseringsstøtte:

  • Rettleie tilsette ved instituttet om open publisering. 
  • Handtere rapportering av publikasjonar til CRISTIN. 
  • Ha rolla som lokal webkontakt og overordna ansvar for instituttets nettsider.

Det kan òg vere aktuelt å justere eller endre arbeidsoppgåvene i stillinga. 

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:

  • Utdanning på mastergradsnivå er eit krav. Lang og relevant praksis kan i særskilte høve kompensere delvis for manglande formell utdanning.
  • Relevant erfaring frå administrativt arbeid i universitet-, høgskule- eller instituttsektoren er ein føresetnad.
  • God skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne på norsk og engelsk er naudsynt.
  • God digital kompetanse er ein føresetnad.
  • Erfaring med administrasjon knytt til forsking og formidling er ein føremon.
  • Kjennskap til bidrags- og oppdragsfinansiert aktivitet blir positivt vektlagt. 

Det vil bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som trengst i stillinga, mellom anna:

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
  • God organisasjons- og rolleforståing.
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta.
  • Evne til å organisere, koordinere og prioritere eit bredt spekter av oppgåver.
  • Fleksibilitet og serviceorientering.
  • Evne og interesse for utvikling og for å opparbeide nye ferdigheiter.
  • Evne til å trivast i ein til tider hektisk arbeidskvardag.

Vi kan tilby:

  • Løn som rådgjevar etter lønssteg 63-68 (kode 1434) i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida ei bruttoårsløn på kr. 615 700 - 667 700 i full stilling. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn. 
  • Eit godt og interessant arbeidsmiljø, utfordrande oppgåver og høve til utvikling og kompetanseheving.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd). 
  • Gode velferdsordningar.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å ta kontakt med:

  • Administrasjonssjef Aleksander Morland ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium, telefon 55 58 28 62, e-post aleksander.morland@uib.no

Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post: fakadm@hf.uib.no.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS