LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Rådgjevar - Studieavdelinga, Seksjon for digitale tenester

Søknadsfrist: 03.02.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.

Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om studieadministrativ avdeling her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Rådgjevar – Studieavdelinga, Seksjon for digitale tenester

Ved Universitetet i Bergen er det ledig ei fast stilling som rådgjevar. Stillinga er plassert ved Studieavdelinga, Seksjon for digitale tenester. Avdelinga er ei sentral administrativ eining med oppgåver innan studentrekruttering, studieinformasjon, opptak og mottak av studentar, eksamensadministrasjon, etter- og vidareutdanning, kvalitetssikring av og internasjonalisering av studiar.

Arbeidsoppgåver:

UiB styrkjer satsinga på livslang læring, og skal utvikle og tilby fleksible vidareutdanningar og deltidsstudium som er etterspurt i marknaden.

Stillinga er knytt til studieadministrasjon og opptak av studentar til desse studiane. Den som vert tilsett skal ha eit særskild ansvar for administrativ utvikling, operativt opptaksarbeid og systemutvikling i samarbeid med andre einingar, og i tett dialog med UiB Videre og dei enkelte fagmiljø ved UiB.

Du vil få ansvar for:

  • Å utvikle gode og berekraftige rutinar for administrasjon og opptak av studentar i fleksible studiar
  • Både operativt og strategisk arbeid med opptak i fleksible studietilbod, sakshandsaming og vurdering av studiekompetanse og utdanning
  • Å utvikle og arbeide med studieadministrasjon og oppfølging av studentar i fleksible studietilbod
  • Å drive råd- og rettleiing for søkjarar
  • Å utvikle nettsider og nettbasert informasjon til ulike målgrupper
  • Ved behov støtte anna arbeid i avdelinga

Du vil elles på fleire områder kunne forme stillinga ut i frå din eigen kompetanse og bakgrunn.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Ha gode kommunikasjonsevner
  • Er sjølvstendig og kan finne løysingar på nye utfordringar
  • Er ein lagspelar og trivst med samarbeid med andre
  • Kan arbeide effektivt, strukturert og utviklingsorientert
  • Motivasjon og interesse for både opptak og studieadministrasjon

Du må ha høgre utdanning på masternivå. Tilsvarande kvalifikasjonar kan oppnåast gjennom lang og allsidig praksis. Erfaring med studieadministrasjon og opptaksarbeid i UH-sektoren er ein fordel.

Du må kunne nytte begge målføre og kunne uttrykkje deg godt skriftleg og munnleg både på norsk og engelsk. Vi vil leggje stor vekt på dei personlege kvalifikasjonane som er naudsynte i stillinga.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande miljø
  • Stilling som rådgjevar (kode 1434) i lønnssteg 60-72 (for tida kr. 535 200 - 670 100 brutto) i det statlege lønsregulativet etter kvalifikasjonar og tenesteansiennitet. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgre løn vurderast.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Underdirektør Torunn Valen, tlf. 482 39 497 eller
  • Rådgjevar Marianne Lundanes, UiB Videre tlf. 924 96 109

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS