Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.
Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om studieadministrativ avdeling her.
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Rådgjevar - jurist studieadministrasjon
Ved Universitetet i Bergen, Studieavdelinga lysast det ut ei fast 100 % stilling som juridisk rådgjevar. Studieavdelinga er ei av sju avdelingar i sentraladministrasjonen til UiB. Avdelinga skal bidra til at fakulteta og UiB løyser samfunnsoppdraget innan forsking, utdanning og formidling.
Studieavdelinga har ansvar for strategiske støttefunksjonar for fagleg leiing, kvalitetssikring av studiane, internasjonal studentmobilitet og digitale tenester til studentar og tilsette.
Personen, som blir tilsett, skal vere universitetet sin juridiske rådgjevar i studiesaker. Juristen vil primært arbeide med studieadministrative spørsmål. God forvaltingsrettsleg forståing er ein føresetnad. Kjennskap til regulering og praksis i sektoren er ein føremon.
Arbeidsoppgåver:
Sakshandsaming innanfor avdelinga sitt ansvarsområde
Samarbeid med og rådgjeving til fakulteta om lokale, nasjonale og internasjonale lover og forskrifter innan studiefeltet, eksempelvis Universitets- og høgskulelova med forskrifter
Bidra i utarbeiding av avtalar knytt til Studieavdelinga sitt ansvarsfelt
Utgreiingar og vidareutvikling av lokale forskrifter
Dialog og juridisk rådgjeving om enkeltsaker, til dømes knytt til opptak, vitnemål og studierett
Utarbeide saker til utdanningsutvalet og universitetsstyret
Utarbeide høyringsuttalar
Sakshandsamar og sekretær for Læringsmiljøutvalet
Saksførebuing til Læringsmiljøutvalet og for den sentrale klagenemnd
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
God gjennomføringsevne
Gode samarbeidsevner
God skriftleg og munnleg kommunikasjon på norsk og engelsk
Evne til å jobbe systematisk, sjølvstendig og resultatorientert
Cand.jur/ master i rettsvitskap
Solid skriftleg og munnleg framstillingsevne, både på norsk (begge målformer) og engelsk
Gode kommunikative eigenskapar og evne til samarbeid
Det vil vere ein føremon med relevant arbeidserfaring
Kjennskap til universitets- og høgskulesektoren er ein føremon
Kjennskap til dei lovene og reglane som har grenseflate til det studieadministrative feltet vil vere viktig
God kunnskap om, og forståing av forvaltingsrettsleg regulering
Personlege eigenskapar vil bli tillagt avgjerande vekt.
Vi kan tilby:
Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
Rådgjevar (kode 1434) blir lønna etter lønstrinn 68-75 (for tida kr. 626 100 - 715 900 brutto) i det statlege lønnsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
Medlemskap i Statens pensjonskasse
Stilling i ein inkluderende arbeidslivsorganisasjon (IA- bedrift)
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Den som vert tilsett, må retta seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.