Prosjektøkonom / rådgjevar ved Det medisinske fakultet
Søknadsfrist: 15.02.2024
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Stillinga som prosjektøkonom (rådgjevar)
Vi har ledig ei spennande 100% fast stilling som prosjektøkonom ved Det medisinske fakultet på Klinisk institutt 1 / Klinisk institutt 2 med tilsetjing så snart som mogleg.
Klinisk institutt 1 og Klinisk institutt 2 har til saman omlag 600 tilsette, vi har stor forskingsaktivitet og vektlegger forskning som tar utgangspunkt i kliniske problemstillinger. Hos oss får du moglegheit til å jobbe med spennande økonomiske utfordringar og prosjekter. Det er administrasjonens oppgåve å gje god administrativ støtte og oppfølging til den faglege verksemda. Vi forvalter et budsjett på over 300 millioner kroner, hvorav om lag 180 millioner er eksterne midler.
Arbeidsoppgåver:
Økonomistyring av ekstern- og internfinansierte prosjekter, herunder ansvar for budsjettering, avviksanalysar og både ekstern og intern økonomirapportering
Støtte og oppfølging knytt til prosjekta i ulike faser; søknads-, kontrakts-, drifts- og avslutningsfasen
Støtte og bistand i økonomispørsmål til forskingsleiarane ved instituttene
Kvalitetsutvikling innanfor økonomiområdet
Regnskaps- og økonomiarbeid som handtering av bestillingar og fakturabehandling (inngåande og utgåande)
Saksbehandlingsoppgåver, utgreiings- og utviklingsoppgåver som krev stor grad av sjølvstende og problemløysing
Bidra til prosess og rutineforbetringar
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjar må ha høgare utdanning innan økonomi og administrasjon, minimum bachelor frå universitet eller høgskule med relevant fagkrins.. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
Vi søkjer deg som har følgande kvalifikasjonar:
erfaring frå økonomioppfølging og rådgjeving i prosjekter
erfaring frå rapportering til ulike finansieringskilder, spesilet Norges Forskningsråd og EU
erfaring frå å sette seg inn i komplekse regelverk
erfaring med økonomiarbeid frå tilsvarande verksemd og kjennskap til universitetssektoren er ein fordel
svært god skriftleg og munnleg framstillings- og kommunikasjonsevne både på norsk og engelsk
god rekneskaps- og tallforståing
god digital kompetanse og gode ferdigheiter i bruk av Excel
ynskjeleg med erfaring frå og kjennskap til universitets- og høgskulesektoren
ynskjeleg med kjennskap til Unit4-ERP eller liknande system
gode kommunikasjonsevnar både skriftleg og munnleg på norsk og engelsk.
Vi søkjer ein person som
har stor grad av sjølvstende og evne til problemløysing
har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
har evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
er serviceinnstilt og tek initiativ
har stor grad av sjølvstende og evne til problemløysing
er sjølvstendig, men samarbeider og godt med andre, innan same fag og på tvers av fag
er strukturert og effektiv og trivest med å handtere mange oppgåver samtidig, planlagde og uforutsette
er analytisk og løysningsorientert
Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi kan tilby:
Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
Løn som rådgjevar (kode 1434) i årsløn frå kr 604 900 – 708 000 (lønssteg 62 - 71) avhengig av kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast
Medlemsskap i Statens pensjonskasse
Gode velferdsordningar
Fleksibel abeidstid og mulighet for hjemmekontor en dag i uken.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.