LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Læringsdesigner (rådgiver) - Studieavdelinga

Søknadsfrist: 02.02.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er en anerkjent utdannings- og forskningsinstitusjon, organisert i syv fakulteter og rundt 54 institutter og faglige sentre. Campus ligger i sentrale deler av Bergen med universitetsområder på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gir råd og bistand til ledelse og fakulteter ved Universitetet i Bergen.

Sentraladministrasjonen er organisert i syv avdelinger. Les mer om studieavdelingen her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Rådgjevar

Ved Universitetet i Bergen er det ledig ei midlertidig 100% stilling som rådgivar med tilsetting så raskt som mogeleg, og med varigheit ut 2021.

Stillinga er plassert ved Studieavdelinga, som er ei sentral administrativ eining med oppgåver knytt til mellom anna studentrekruttering, studieinformasjon, opptak og mottak av studentar, eksamensadministrasjon, etter- og vidareutdanning, kvalitetssikring av og internasjonalisering av studiar.

Stillinga høyrer til Studieavdelinga si Gruppe for læringsstøtte, som er ei av tre grupper i Seksjon for studiekvalitet. Gruppe for læringsstøtte inngår også i UiB Læringslab. Her utgjer kollegaer frå Studieavdelinga, IT-avdelinga, Kommunikasjonsavdelinga, Universitetsbiblioteket og det universitetspedagogiske fagmiljøet ein samla støttefunksjon for breidda av fagområde ved UiB.

Du blir ein del av eit tverrfagleg arbeidslag og vil ha oppgåver særleg knytt til bruk av læringsteknologi i utdanningane, innovasjon/entreprenørskap i utdanning, kommersialisering av utdanning, samt systemutvikling og prosjektarbeid/prosjektleiing knytta til UiB Læringslab.

Arbeidsoppgåver:

  • Fasilitere for effektiv implementering og bruk av læringsteknologi i utdanningane ved Universitetet i Bergen
  • Medansvar for at porteføljen av læringsstøttesystem blir brukt, forvalta og utvikla i tråd med behova og strategiane til UiB
  • Vere ein ressurs i arbeidet med å auke graden av innovasjon og entreprenørskap i utdanningane
  • Bidra til at Universitetet i Bergen kan utvikle sin portefølje av marknadseksponerte utdanningstilbod (etter- og vidareutdanning).
  • Prosjektarbeid og prosjektleiing

Det kan bli aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Den som blir tilsett i stillinga må ha utdanning på minimum mastergradsnivå. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensera for manglande formell utdanning.

Vi søkjer deg som:

  • Har utdanningsfagleg innsikt og erfaring med bruk av læringsteknologi i høgare utdanning
  • Har stor system- og organisasjonsforståing
  • Har erfaring med utdanningstilbod som fremmar innovasjon og entreprenørskap
  • Har ledet prosjekt innan høgare utdanning, med særleg vekt på digitalisering og/eller innovasjon
  • Har gode kommunikasjon- og samhandlingsevner
  • Har solid kunnskap om digitalisering av læringsaktivitetar
  • Er ein lagspelar som trivst med å samarbeida med andre
  • Er lærevillig, sjølvstendig, fleksibel, utviklingsorientert og har god arbeidskapasitet
  • Du må kunne bruka begge målformer og uttrykke deg godt skriftelig og munnleg både på norsk og engelsk
  • Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt

Vi kan tilby:

  • Eit stimulerande og fagleg utfordrande arbeidsmiljø i UiB læringslab med høg grad av sjølvstende
  • Stilling som rådgjevar (kode 1434) i lønssteg 65 - 70 (for tida kr 586 500 - 643 000) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS