LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

HR rådgiver (fast og vikar) - Det medisinske fakultet

Søknadsfrist: 23.06.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Rådgjevar 

Ved Det medisinske fakultet, HR-seksjonen, er det ledig ein fast stilling (100 %) og eit vikariat (100 %) som rådgjevar 15 månader. Seksjonen si hovudoppgåve er å yte gode og rettidige HR-faglege tenester til dei fem institutta og sju sentra ved fakultetet, i tillegg gje rådgjeving til leiarar og andre tilsette ved fakultetsadministrasjonen.

Arbeidsoppgåver:

Personaladministrasjon, sakshandsaming og fagleg rådgjeving innanfor eit breitt HR-fagleg ansvarsfelt. Arbeidsoppgåvene strekkjer seg frå rekruttering i vitskaplege, administrative og tekniske stillingar, onboarding, oppfylging av personalsaker, HMS, leiarstøtte og til avvikling av arbeidsforhold. Dette krev tett samarbeid og god dialog med instituttleiinga, vitskaplege og administrative tilsette. Som HR-rådgjevar vil du vere ein viktig samtalepartnar og premissleverandør i alle delar av HR-faget. Dei som vert tilsett i stillingane vil også kunne arbeide med utgreiings- og prosjektoppgåver, førebuing av saker for tilsetjingsråd, fakultetsstyret og følgje opp vedtak. Du må som HR-rådgjevar rekne med å få tildelt sjølvstendig ansvar for arbeidsutføring og resultat. 

Det kan verte aktuelt å leggje til eller endre oppgåver som høyrer til stillinga .

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha minimum bachelorgrad innan relevant fagkrins, slik som HR, juss, administrasjon og leiing. Relevant realkompetanse kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i noen tilfeller kompensere for utdanningskravet 
  • God digital kompetanse og kjennskap til digitale arbeidsverktøy 
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk 
  • Relevant praksis innan personal- og HR-arbeid 
  • Kjennskap til relevante lov- og avtaleverk 
  • Fordel med kjennskap til UH sektoren

Vi søkjer ein person som 

  • Ansvarleg og er oppteken av å finne gode løysingar 
  • God på å samarbeide, sjå andre og kommunisere 
  • Strukturert og i stand til å handtere fleire parallelle prosessar 
  • God på å prioritere 
  • Sjølvstendig, serviceinnstilt og raus 
  • Nytenkjande og ikkje er redd for å kome med nye idear 
  • Deltek aktivt i å skape eit godt arbeidsmiljø 

Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi kan tilby:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn som rådgjevar (kode 1434) er for tida 615 700 – 667 700 (lønssteg 63 – 68). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane om moderat kjønnskvotering.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS