Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.
Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om HR-avdelinga her.
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
HR-analytikar
Er du systematisk, analytisk og tenkjer heilskapleg? Likar du å arbeide med datasett og tal, og samtidig oppteken av kvalitet? Kan du formidle bodskap på ein enkel og visuell måte? Vi søkjer deg som kan utvikle gode analyser for faktabaserte avgjerder på ulike nivå ved institusjonen.
Arbeidsoppgåver:
Vidareutvikle HR-området ved hjelp av analyser
Effektivisere og standardisere arbeidet med uttrekk, sammenstilling og rapportering av data
Framstille data pedagogisk og visuelt
Førebu analysegrunnlag for avgjerder for leiinga og styrande organ
Delta i utviklingsprosjekt på tvers av organisasjonen
Bidra til god samhandling med leiarar, tillitsvalde og andre samarbeidspartnarar
Saksbehandling-, utviklings- og utgreiingsoppgåver
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjarar må ha relevant utdanning på mastergradsnivå, fortrinnsvis innan samfunnsvitenskapelige og økonomiske fag. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
Strategisk, analytisk og strukturert
Evne til å dele kompetanse, samt bidra til å motivere og engasjere andre
Erfaring med statistikk, utvikling av dataanalyser og bruk av digitale verkty
God prosessforståing og evne til å gje omsetje data og statistikk til innsikt
Vi søkjer deg som er nysgjerrig og kreativ og vil vere med oss å utvikle strategisk HR ved Universitetet i Bergen. Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt.
Vi kan tilby:
Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
Stilling som rådgjevar (kode 1434) i lønssteg 60 - 65 (for tida kr 532 300- 583 900) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.