Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Rådgjevar / Seniorrådgjevar – Seksjon internasjonalt samarbeid

Søknadsfrist: 12.10.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.

Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om forskningsadministrativ avdeling her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Rådgjevar/Seniorrådgjevar – Seksjon internasjonalt samarbeid

Avdelinga for forsking og innovasjon (FIA)Avdelinga for forsking og innovasjon (FIA) har viktige forskingsstrategiske støtteoppgåver for fagmiljø og leiing. Avdelinga legger til rette mellom anna for universitetet sine satsingar på framifrå forsking, forskarutdanning, innovasjon, internasjonalt samarbeid og berekraft. Avdelinga har tre seksjonar og til saman 33 tilsette.

Rådgjevar/Seniorrådgjevar – Seksjon internasjonalt samarbeid

Avdelinga søkjer ein seniorrådgjevar med røynsle frå og engasjement for internasjonalt samarbeid innan forsking og innovasjon. UiB har ei stor portefølje av nettverk regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Seksjonen støttar nasjonale og globale forpliktande arbeid knytt til FNs mål for berekraft (SDG), vitskapsrådgjeving og ‘science to policy’ og har ansvar for følgje opp mange av UiB sine forsking- og innovasjonssamarbeid knytt til institusjonelle partnarskap og nettverk.

En viktig oppgåve for UiB er å etablere ei strategisk porteføljestyring av samarbeida som gir naudsynt oversikt over den internasjonale aktiviteten. Eit viktig formål med dette er å gi leiing og fagmiljø eit tilgjengeleg kunnskapsgrunnlag for fortløpande vurderingar av den strategiske nytten av eksisterande nettverk og behov for nye nettverk.

Arbeidsoppgåver:

  • Vere institusjonell koordinator og administrere UiBs medlemskap og deltaking i internasjonale nettverk, organisasjonar og partnarskap i tråd med universitetets strategiske mål
  • Vere ein pådrivar for utvikling av nye prosjekter og aktivitetar med UiBs internasjonale partnarar i nært samarbeid med forskarar og fagmiljø på UiB
  • Forvalte og halde ved like UiBs portefølje av institusjonelle avtaler om samarbeid og partnarskap
  • Bidra i utredningar, gje råd og halde leiinga informert om utviklinga i UiBs internasjonale samarbeid
  • Støtte deltaking til internasjonale møter og konferansar

Stillinga kan bli tillagt andre oppgåver ved behov

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Høgre utdanning på mastergradnivå.
  • Røynsle frå internasjonalt samarbeid innan forsking og høgre utdanning
  • Evne til å drive utgreiing og å arbeide strategisk og policyorientert.
  • Dokumenterte gode evner til samarbeid, gjerne erfaring frå større komplekse organisasjonar
  • Gode ferdigheiter i munnleg og skriftleg norsk og engelsk, eventuelt og i andre europeiske språk.

Personlege eigenskapar:

  • Godt blikk for korleis ein skapar vellukka internasjonalt samarbeid
  • Tenker nytt om nettverksbygging i tett samarbeid med fagmiljø og leiing
  • Oppteken av resultat og mål
  • Ein relasjonsbyggjar med gode samarbeids- og kommunikasjonseigenskaper
  • Systematisk, analytisk og med evne til å arbeide sjølvstendig
  • Stor arbeidskapasitet,
  • God gjennomføringsevne,

Vi kan tilby:

  • Eit stimulerande og utfordrande arbeid ved et internasjonalt orientert universitet.
  • Moglegheiter for fagleg utvikling.
  • Lønn etter statens regulativ som rådgjevar/seniorrådgivar (kode 1434/1364) i ltr 68-74 (for tiden kr. 615 900 - 691 400) avhengig av kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkarar kan høgare lønn vurderast.
  • Fleksibel arbeidstidsordning.
  • Gunstige pensjons- og forsikringsordning gjennom Statens pensjonskasse med blant annet et av marknaden sine billigaste boliglån.
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Seksjonssjef Bjørn Einar Aas, Bjoern.Aas@uib.no eller på 41 66 96 42, eller
  • Direktør Benedicte Løseth, Benedicte.Loseth@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS