LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Forskingsrådgivar (seniorrådgivar) - vikariat

Søknadsfrist: 19.01.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorrådgivar (forskingsrådgivar)

Ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er det ledig eit vikariat som forskingsrådgivar (seniorrådgivar) ut 2022. Forskingsrådgivaren rapporterer til fakultetsdirektøren, som har det daglege ansvaret for fakultetsadministrasjonen. Ønska oppstart i stillinga er snarst mogleg.

Som forskingsrådgivar vil du jobbe tett på forsking, utdanning og innovasjon i eit mangfaldig og internasjonalt miljø. Fakultetet har om lag 1000 tilsette, 3000 studentar og eit budsjett på om lag 1,3 milliardar kroner der i underkant av 40 % er eksternfinansiert. Forsking og undervising skjer på institutt og i sentre. Fakultetet har på vegne av UiB ansvar for to av UiB sine strategiske satsingsområde; Marin og Klima og energiomstilling. Du finn meir informasjon om fakultetet her.

Fakultetet sine einingar er internasjonalt anerkjende med fleire leiande forskingsmiljø og stor fagleg breidde. Fakultetet har som mål å levere forskingsresultat i verdsklasse og bidra til omstilling av samfunnet lokalt, nasjonalt og globalt.

Til grunn for ein stor del av fakultetet sin omfattande forskingsaktivitet ligg eksterne forskingsmiddel, og fakultetet har store ambisjonar om å auke den eksterne forskingsfinansieringa ytterlegare. Fakultetet sine samla forskingsadministrative ressursar speler ei viktig rolle i å gje støtte til leiarar og forskarar for å nå dette målet.

Arbeidsoppgåver

Ansvarsområde

Forskingsrådgjevaren bidrar til å koordinere og styrke fakultetet sin kompetanse og kapasitet innan områda forskingsadministrasjon og forskingsstrategi. Arbeidet omfattar utstrekt kontakt med institutta, andre avdelingar ved UiB, samarbeidspartar og finansieringskjelder (t.d. EU, Noregs Forskingsråd), for utan tett samarbeid med fakultetsleiinga og mot seksjonane for økonomi og HR. Stillinga inngår i fakultetet si administrative leiargruppe.

Døme på arbeidsoppgåver

  • Forskingsadministrativ leiarstøtte, utgreiings- og analysearbeid
  • Sekretærfunksjon for ulike strategiske utval
  • Bistå i fakultetet sitt arbeid med innovasjon og forskingsinfrastruktur
  • Drifte og vidareutvikle fakultetet sitt forskingsadministrative nettverk
  • Utvikle og implementere forskingsstrategiske planar i nært samarbeid med fakultetsleiinga
  • Sakshandsaming og posisjoneringsarbeid i samband med ulike mindre og større søknadsprosessar

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

Du har

  • høgare utdanning innan realfag, helst på ph.d.-nivå, er eit krav
  • omfattande relevant forskingsadministrativ erfaring og spesialkompetanse på høgt nivå tilpassa ansvar og oppgåver i stillinga er ein føresetnad
  • god kjennskap til eksterne finansieringskjelder nasjonalt og internasjonalt og god forståing for korleis søknadsprosessar går føre seg
  • særs gode formuleringsevner skriftleg og munnleg på engelsk og norsk
  • god administrativ IT-kompetanse

Du

  • arbeider sjølvstendig, strukturert og målretta og tek initiativ i tråd med behova i organisasjonen
  • er effektiv og leverer arbeid med høg kvalitet
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • er fleksibel, ansvarsmedviten og serviceinnstilt
  • har evne og interesse for å halde seg fagleg oppdatert

Det blir lagt stor vekt på dei personlege kvalifikasjonane som er naudsynte for stillinga.

Vi kan tilby

  • spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • eit godt arbeidsmiljø
  • stilling som seniorkonsulent (kode 1364) i lønssteg 65 - 72 (for tida kr 586 500 - 670 100 ) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • fleksibel arbeidstid
  • gode velferdsordningar

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Fakultetsdirektør Elisabeth Müller Lysebo, tlf. 975 57 135

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS