LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Administrativ koordinator (rådgiver / seniorrådgiver) - Institutt for økonomi

Søknadsfrist: 14.12.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt og tre senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Rådgjevar/seniorrådgjevar ved Institutt for økonomi

Er du ein samfunns- eller siviløkonom som er interessert i høgare utdanning? Er du opptatt av digitalisering og samspelet mellom samfunn, teknologi og marknad? Ved Institutt for økonomi er det ledig ei fast 100 % stilling som administrativ koordinator.

Stillinga er knytt til et nyoppretta 5-årig integrert masterprogram i informasjonsteknologi og økonomi (sivilingeniør), ITØK-programmet. ITØK er eit samarbeid mellom Det samfunnsvitenskapelige og Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet, med Institutt for informasjons- og medievitskap, Institutt for Informatikk og Institutt for økonomi som partnarar.

Stillinga vil ligge på Institutt for økonomi på Det samfunnsvitenskapelige fakultet. Saman med den faglege og administrative staben vil du få ansvar for å koordinere ITØK-programmet før oppstart hausten 2021, og også vidare når programmet har kome i gang. Dette vil innebere utstrakt kontakt og samarbeid med dei involverte fagmiljøa, studentane, næringsliv og offentlege verksemder.

Arbeidsoppgåver:

  • Koordinering og utvikling av praksisplassar i næringsliv/forvaltning med relevant fagleg innhald, samt vedlikeholde og vidareutvikle desse.
  • Ansvar for praksisplassar og utplassering for ITØK-programmet og profesjonsprogrammet, samt arbeid med utvekslingsavtalar.
  • Utvikle og arrangere faglege samlingar for studentar og mellom partnarane i programmet jamleg.
  • Delta i programstyret for ITØK-programmet.
  • Organisere, implementere og følge opp mentorordning for studentane saman med programleiar.
  • Vere et bindeledd mellom studentar, fagmiljøa, og programleiar/programstyre, inkludert implementering og utvikling av timeplanar og faglege læreplanar.
  • Koordinering og saksbehandling mellom partane ved programendringar.
  • Formidlingsarbeid for ITØK-programmet spesielt, men også for instituttet.

Den som vert tilsett kan også få andre arbeidsoppgåver.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Minimum mastergrad i økonomi eller siviløkonom med relevant spesialisering.
  • Søkjarar med doktorgrad i økonomi eller minst 5 års relevant arbeidserfaring kan kvalifisere til seniorrådgjevarstilling.
  • Kjennskap til universitets- og høgskolesektoren.
  • Solid digital kompetanse og systemforståing, samt erfaring med og interesse for formidling.
  • Solid muntlig og skriftlig formuleringsevne både på norsk og engelsk. Arbeidsspråk er norsk.
  • Stor arbeidskapasitet og evne og vilje til å handtere parallelle arbeidsprosessar på en effektiv måte.
  • Evne å være fleksibel, ta initiativ og ansvar og arbeide sjølvstendig, systematisk og analytisk.
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og vere ein ressurs i det faglige og sosiale fellesskapet.
  • Evne å leve godt med innslag av uvisse og evne og vilje til å finne gode løysingar åleine og saman med andre.

Personlige eigenskapar nødvendig for stillinga vil bli særskilt vektlagt.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver ved eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt.
  • Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling.
  • Løn som rådgjevar i kode 1434, ltr. 62-65, og som seniorrådgjevar i kode 1364, ltr. 66 – 70, etter hovudtariffavtalene i staten (for tida utgjer det mellom 555 800 - 586 500 og 597 000 - 643 000).
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Fleksibel arbeidstid
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Det blir gjennomført forsøk med anonyme søknader i staten. Anonymisering av søknader skal gjelde den første utsilingsfasen av kandidatar som er aktuelle for intervju.

Forsøket skal evaluerast av Difi, som behandlar anonyme opplysningar av tilsetjingsprosessen, og det blir utarbeidd statistikk over resultata av forsøket. Opplysningar om enkelpersonar blir ikkje levert ut til andre i samband med forsøket og evalueringa, men reglane om innsyn i offentleg søkjarliste og utvida søkjarliste gjeld.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.

Søknadsfrist: 14.12.2020

Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS