LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Professor i tidsbasert kunst (100%) med hovudfokus på performance

Søknadsfrist: 31.01.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Professor i tidsbasert kunst (100%) med hovudfokus på performance

Ved Kunstakademiet – Institutt for samtidskunst er det ledig ei stilling som professor (100%) i tidsbasert kunst med hovudfokus på performance i seksårig åremål. Stillinga er ledig frå januar 2021.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Vi søker ein kunstnar med omfattande kunstnarleg verksemd på høgaste nivå etter internasjonal standard innan tidsbasert kunst, med ambisjonar om å utvikle og utforske grensene for kva kunstpraksis innan dette området kan være, og med interesse for andre kunstnarlege uttrykksformer og mogelege koplingar mellom desse. Tidsbasert kunst kan inkludere blant anna performance, relasjonell kunstnarleg praksis eller sosialt engasjert kunst.

Vår nye professor skal, i nært samarbeid med kollegar, definere og utvikle KU- (kunstnarleg utviklingsarbeid) profilen til dette fordjupingsområdet ved instituttet. Søkarar må ha interesse for å utvikle sin kunstnarlege forsking innanfor rammene av Kunstakademiet – Institutt for samtidskunst. Stillinga krev eit kritisk engasjement, både i undervisning og i studentanes kunstnarlege utvikling og i instituttets kunstnarlege forskingsmiljø.

Den som tilsettast må ha både omfattande kunstnarleg praksis og ei god teoretisk forståing for kunstfeltet. Vår nye førsteamanuensis må kunne arbeide med kunstnarleg utviklingsarbeid/forsking og kunne dokumentere kritisk refleksjon omkring kunstnarlege prosesser som kan tas inn i undervisninga. Den som vert tilsett, må kunne rettleie på bachelor-, master- og ph.d.-nivå, og kunne være hovudrettleiar for studentar som arbeider innan andre medium/uttrykk.

Fordjupingsområdet tidsbasert kunst er ein integrert del av instituttet sitt samla undervisningstilbod.

Arbeidsoppgåver

  • Undervisning og rettleiing
  • Ansvar for undervisning i spesialfelt
  • Kunstnarleg utviklingsarbeid, prosjektutvikling/-leiing inkludert
  • Hovudrettleiar for ph.d., MA og BA studentar
  • Rekruttering av ph.d.- MA -og BA-studentar
  • Formidling
  • Organisering og tilrettelegging av desse oppgåvene
  • Administrative- og faglege koordineringsoppgåver og andre styringsoppgåver

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Ved Universitetet i Bergen blir det lagt reell vekt på pedagogiske kvalifikasjonar ved tilsetjing i vitskapelege stillingar.

I tillegg vil det bli lagt vekt på:

  • Gode samarbeidsevner med vekt på dialog og inkluderande fagleg kommunikasjon
  • Organisatoriske evner og erfaring
  • Dokumentert evne til å skaffe eigne forskingsmidlar

Undervisningsspråket er skandinavisk eller engelsk. Det blir stilt krav om at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjing.

Den faglege kompetansen vil bli vurdert av ein sakkunnig komité. Dei best kvalifiserte søkarane vil bli kalla inn til intervju med ei intern intervjugruppe, og for å halde ei open prøveførelesning for instituttet sin stab og studentar.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Stilling som professor (kode 1013) i lønnssteg 79 - 81 (for tida kr. 792.700 – 840.900 brutto i fulltidsstilling). For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • Vitnemål og attestar
  • Materiale som dokumenterer kunstnarleg forsking og kunstnarleg verksemd
  • Dokumentasjon av undervisningserfaring og pedagogiske kvalifikasjonar (pedagogisk mappe). Last ned og fyll ut skjema.

Søkjaren må gjere greie for sine kvalifikasjonar knytt til dei forhold stillinga krev og vektlegg. Det er viktig at søkaren tydeleggjer sine betraktningar og beskriv sitt syn på fagfeltets posisjon og moglegheiter.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar Frans Jacobi, tlf: 55 58 74 84, e-post: frans.jacobi@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

(Ved utlysing og tilsetting i stillingsgrupper der kvinneandelen er under 40 % skal Universitetet i Bergen anvende moderat kjønnskvotering. Dette inneber at det ved utlysning av slike stillingar skal tas inn i utlysningsteksten ei særleg oppmoding til kvinner om å søkje. Følgjande tekst skal då tas inn i utlysninga: «Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.»).

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS