LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Professor (50%) i medisin (gastroenterologi)

Søknadsfrist: 14.03.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Professor (50 %) i medisin (gastroenterologi)

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 1, er det ledig ei fast stilling som professor (50 %) i medisin (gastroenterologi). Stillinga er knytt til fast hovudstilling som overlege eller spesialistlege ved Haukeland universitetssjukehus (HUS). Personen vi søkjer har omfattande kompetanse innan gastroenterologi og betydeleg forskingsaktivitet på høgt internasjonalt nivå. Gastroseksjonen har fleire forskingsgrupper og har særleg stor internasjonal tyngde innan ultrasonografi og funksjonelle mage-tarmsjukdomar.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Den som vert tilsett, skal leie og initiere forskingsprosjekt, undervise og rettleie studentar og stipendiatar, og også ta på seg administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer. Det vert forventa at den tilsette sender søknadar til relevante nasjonale og internasjonale kjelder for forskingsfinansiering. Undervisningsplikta i stillinga er knytt til faget gastroenterologi, men personen som vert tilsett, pliktar å undervise i høve til dei studieprogramma fakultetet/instituttet til ei kvar tid har. Det vert forventa høge ambisjonar og god kvalitet med omsyn til forsking og undervisning, og også aktiv deltaking i instituttet og fakultetet sitt strategiarbeid og faglege aktivitetar. Kompetanse innan seksjonens faglege spissfunksjonar vært rekna som ein føremon.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Kvalifiserte søkjarar har norsk doktorgrad i eit relevant fagfelt, eller tilsvarande kompetanse, har norsk cand.med.-grad eller tilsvarande kompetanse og fyller krav til utdanningsfagleg kompetanse. Den ideelle kandidaten publiserer på høgt internasjonalt nivå, kan vise til søknader og tilslag frå nasjonale og internasjonale finansieringskjelder for forsking og utdanningsarbeid, og har etablert eiga forskingsgruppe. Resultat oppnådd dei siste 5-7 år vil vert særleg vektlagt ved bedømminga. Den ideelle kandidaten har også erfaring med undervisning ved profesjonsutdanninga i medisin eller ved bachelor- og masternivå program, og frå rettleiing av ph.d.-kandidatar. Erfaring frå ulike nasjonale og internasjonale forskingsinstitusjonar, og evne til å etablere internasjonale nettverk vil telje positivt ved bedømminga, og det same gjer også erfaring av og interesse for innovasjon. Personlege eigenskapar vert vektlagd ved vurderinga.

Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga, sjå retningsliner for oppretting av ei pedagogisk mappe på Eining for læring. Kravet er absolutt for professor ved tilsetjing.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga. Kurs vert tilbode.

Vi tilbyr:

  • eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • professor vert lønt etter lønssteg 79-81 (kode 1013) i lønsregulativet til staten, for tida kr 792 700 – 840 900 brutto pr. år for ei fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • god pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • søknadsbrev som fortel kvifor du søkjer stillinga
  • utfyllande CV
  • vitnemål og attestar
  • plan for eiga forsking dei neste fem åra (maks 5 A4-sider)
  • fullstendig publikasjonsliste
  • pedagogisk mappe, sjå Eining for læring
  • ei liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (høgst 15). For kvart arbeid skal det følgje med eit kort samandrag som omtalar dei viktigaste funna i arbeidet
  • dei 15 vitskapelege arbeida frå punktet over i PDF-format
  • namn og kontaktinformasjon til minst to referansar

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysingar om stillinga kan ein få ved å venda seg til:

  • Instituttleiar professor Kjell-Morten Myhr, e-post: Kjell-Morten.Myhr@uib.no, tlf.: 414 47 868 eller
  • Seksjonsleiar professor Odd Helge Gilja ved gastroseksjonen, e-post: Odd.Gilja@uib.no, Klinisk institutt 1, Det medisinske fakultet, Universitetet i Bergen

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane om moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS