Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Postdoktor (3 år) - Klinisk institutt 2

Søknadsfrist: 07.06.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, er det ledig ei stilling som postdoktor (100 %) for ein periode på tre (3) år. Stillinga er knytt til prosjektet ” Oral Bacteria as determinants for Respiratory Health (BRuSH)”, finansiert av The European Research Council (ERC).

Dette er eit internasjonalt prosjekt med mange vitskapelege partnarar i Norge, Sverige, Danmark, Estland, Tyskland, Australia og USA. Kandidaten må vere fleksibel i høve til reising og vere open for internasjonalt samarbeid.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

  • Nytte populasjons-baserte studiar for å studere samanheng mellom oralt mikrobiom og lungehelse
  • Analysere mikrobiom sekvenseringsdata frå munnhole og miljøprøvar
  • Nytte bioinformatiske metodar for å utvikle funksjonelle annotation modeller for å identifisere forskjellige typar av lipopolysaccharide (LPS) produserande bakteriar (genom-/funksjonell tildeling)
  • Undersøkje samanhengen mellom proinflammatoriske bakteriar i munnhole og nedgang i lungefunksjon

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor biostatistikk, molekylærbiologi, statistikk, informatikk, bioinformatikk eller ein tilsvarande disiplin, eller ha levert doktoravhandlinga innan søknadsfristen. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje og seinast innan 18.11.2020
  • erfaring frå analyse av sekvenseringsdata (frå next-generation sekvensering) er påkravd, helst i frå analysar av mikrobiom data
  • erfaring frå genom eller funksjonell tildeling
  • kandidaten må ha erfaring med avansert statistisk analyse og bruk av R
  • bruk av R-verktøy og andre statistiske pakker og programmeringsspråk vil vere ein føremon
  • å ha produsert fagfelle vurderte publikasjonar i internasjonale tidsskrift innan mikrobiom eller mikrobiota-relatert forsking, biostatistikk eller statistiske metodar vil bli tillagt vekt
  • nytte engelsk munnleg og skriftleg
  • arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i postdoktorstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen.

Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Den tilsette kan bli pålagt pliktarbeid i form av undervisning og liknande arbeid ved instituttet.

Vi tilbyr:

  • spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • løn etter lønssteg 62 (kode 1352/lønsramme 24.4) for tida kr 552 800, med medisinsk/odontologisk embetseksamen lønssteg 63 (kode 1352/lønsramme 24.7) for tida kr 563 700, med spesialistutdanning lønssteg 65 (kode 1352/lønsramme 24.9) for tida kr 583 900, i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
  • karakterutskrifter og vitnemål (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar) og dokumentasjon på godkjent avhandling
  • relevante attestar
  • publikasjonsliste
  • vitskapelege arbeid. Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf)
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Randi J Bertelsen, e-post: randi.j.bertelsen@uib.no, telefon: +4799674046

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda til å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar utvida offentleg dokumentinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å stå på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS