Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Postdoktor (2 år) - Institutt for global helse og samfunnsmedisin

Søknadsfrist: 02.08.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktor (2 år)

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, er det ledig ei stilling som postdoktor (100 %) for ein periode på to (2) år. Stillinga er knytt til prosjektet ”Glio-LinK: Ein translasjonell studie av primære hjernesvulstar”, finansiert av Kreftforeningen.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Glioblastom er den hyppigaste og mest aggressive primære hjernesvulsten blant vaksne, og dagens standardbehandling fungerer relativt dårleg. Ein har tidlegare funne at spesifikke antipsykotika fremjer effekten av cellegiftbehandling.

I dette prosjektet vil vi, med utgangspunkt i eit stort nasjonalt datasett med opplysningar frå Kreftregisteret, Reseptregisteret og andre nasjonale databasar, undersøkje om bruk av antipsykotika og antidepressiva er assosiert med forlenga overleving blant pasientar med glioblastom. Vi vil også undersøkje om bruk av desse medikamenta er assosiert med risikoen for å utvikle gliomar. Fleire faktorar som påverkar prognosen for pasientar med glioblastom vil bli undersøkt i supplerande analysar av kliniske data. Resultata frå registerstudien vil inngå i eit internasjonalt samarbeidsprosjekt.

Postdoktoren vil arbeide med store datafiler i ulike statistiske programpakkar for å undersøkje prosjektet sine problemstillingar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor epidemiologi, fortrinnsvis kreftepidemiologi, eller statistikk, eller ha levert doktoravhandlinga innan søknadsfristen. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje og seinast innan 1. oktober 2020
  • søkjar må ha erfaring i bruk av ulike statistiske programpakkar for analyse av store epidemiologiske datasett
  • søkjar må kunne nytte norsk og engelsk munnleg og skriftleg
  • søkjar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i postdoktorstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen.

Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Den tilsette kan bli pålagt pliktarbeid i form av undervisning og liknande arbeid ved instituttet.

Vi tilbyr:

  • spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • løn etter lønssteg 62 (kode 1352/lønsramme 24.4) for tida kr 552 800, med medisinsk/odontologisk embetseksamen lønssteg 63 (kode 1352/lønsramme 24.7) for tida kr 563 700, med spesialistutdanning lønssteg 65 (kode 1352/lønsramme 24.9) for tida kr 583 900, i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
  • karakterutskrifter og vitnemål (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar) og dokumentasjon på godkjent avhandling
  • relevante attestar
  • publikasjonsliste
  • vitskapelege arbeid. Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf)
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Tone Bjørge, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, e-post: tone.bjorge@uib.no, telefon: (+47) 55 58 85 30

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS