Ledig stilling på Universitetet i Stavanger

Postdoktor i religion, kultur og samfunn

Søknadsfrist: 08.03.2020

Om stillinga

Universitetet i Stavanger har ledig 2-årig åremålsstilling som postdoktor i religion, kultur og samfunn ved Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora, Institutt for kultur og språkvitskap. Stillingen er ledig frå 1. august 2020.

Universitetet i Stavanger

Universitetet i Stavanger (UiS) har om lag 12.000 studentar og 1.800 tilsette. Universitetet ligg i Noregs tredje største byregion, med ein dynamisk arbeidsmarknad og spennande kultur- og fritidsaktivitetar. Vi er einaste norske medlem av European Consortium of Innovative Universities (ECIU).
Universitetet skal vere ei drivkraft i regionen si kunnskapsutvikling og eit internasjonalt forskingsuniversitet med vekt på nyskaping og innovasjon. Saman med dei tilsette og studentane våre vil vi utfordre det velkjente og utforske det ukjente.


Institutt for kultur- og språkvitskap, som er ein del av Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora, har ansvar for universitetets nye lektorutdanning for trinn 8-13 og praktisk-pedagogisk utdanning.


Instituttet tilbyr også utdanningar innanfor nordisk, engelsk, religion, historie, norsk for internasjonale studentar og mastergradsutdanningar i historie og historiedidaktikk, lesevitskap og Literacy Studies og Religion, kultur og samfunn.


Det er i dag 60 tilsette og 1100 studentar tilknytt instituttet. I samarbeid med andre einingar ved fakultetet blir det gitt tilbod om doktorgradsutdanning i lesevitskap/Literacy Studies.

Stillinga er eksternt finansiert med midlar frå Norges forskingsråds FRIPRO-program gjennom prosjektet «Back to Blood: Pursuing a Future from the Norse Past» (BTB). Prosjektet blir leia av professor Anne Kalvig og inkluderer forskarar ved Universitetet i Oslo og Linköping Universitet, Sverige. Prosjektet er forankra i faggruppa Religion, kultur og samfunn og i forskingsprogramområdet The Greenhouse, som representerer miljøhumaniora ved UiS.

Formålet med stillinga er å produsera forsking til det eksternfinansierte prosjektet, styrka forskinga ved eininga og gje ein forskar med doktorgrad innanfor det aktuelle fagområdet høve til vidare kvalifisering med sikte på fagleg toppstilling.

Om prosjektet

Prosjektet «Back to Blood: Pursuing a Future from the Norse Past» (BTB) som heilskap søker å kartlegga korleis og forklara korfor nåtidig interesse for berekraft, identitet og medborgarskap fører til ein auka kulturell og spirituell etterspørsel etter vikingar og norrøn fortid, og konsekvensane av at ulike kulturelle aktørar møter dette behovet.

Innanfor prosjektet skal postdoktoren gjennom feltarbeid fokusera på vikingrelatert kampsport og utforska korleis dette forholder seg til tema som kroppslegheit, kjønn, verdigheit og tilhøyrsle, spiritualitet, heilag stad/plass, landskap og natur, og grensetrekking opp mot nasjonalistiske agendaer.

I prosjektsøknaden til BTB blei dette delprosjektet presentert slik (utdrag):

Combat as a fight for dignity and belonging.A substantial part of the field of Viking reenactment and living history, as well as the popular interest in Nordic Heathenism, focuses on combat, martial arts and weaponry. In this study, we investigate how the fighting sports within the Norse past mediation relate to ideas of embodiment, gender, dignity and belonging, and to political nationalist agendas. The task maps the backgrounds of Norse fighting and combat enthusiasts and participants, and analyzes 1. How specific notions of body, gender, dignity and belonging are related to fighting and combat, 2. How and why the Norse fighting milieus and Viking re-enactment and/or Norse Pagan groups are related, 3. Whether the combat milieus are characterized by inclusiveness and diversity, or represent more closed, streamlined groups, and 4. How combat is related to notions of (sacred) place, landscape and nature.

Postdoktoren er forventa å produsera tre fagfellevurderte artiklar i internasjonale, vitskaplege tidsskrift. Kandidatar blir oppfordra til å utvikla prosjekt som bygger på tidlegare erfaringar, språkkompetanse og interesser.

Forskingsarbeidet skal gjennomførast ved Universitetet i Stavanger. Det er forventa at den som blir tilsett arbeider på full tid med forskingsprosjektet, og at vedkommande utgjer ein del av det faglege miljøet ved fakultetet og universitetet.

Søknad og kvalifikasjonar

Søkaren må legga fram ein plan for gjennomføring av forskingsprosjektet. I planen skal søkarar identifisera kva tema dei ønsker å fokusera på, og potensielle aktørar og stader dei vil forska på. Planen bør også innehalda ein førebels tidsplan og publikasjonsplan. Det må gå fram tydeleg av søknaden på kva måte prosjektet vil kunna bidra til søkaren sin kompetanseoppbygging.

Kvalifikasjonskrav:

  • doktorgrad innanfor fagområde som er relevante for prosjektet, som religionsvitskap, kulturvitskap, antropologi
  • doktorgraden må vera tildelt seinast ved søknadsdato
  • god skriftleg og munnleg kompetanse i engelsk

Vidare blir det lagt vekt på:

  • prosjektplanen sin vitskaplege relevans, kvalitet og høve til å bli utført
  • kvalitet på kandidaten sin vitskaplege produksjon
  • gode samarbeidseigenskapar og evne til å gå inn i faglege fellesskap på tvers av fagområde
  • personlege føresetnader og motivasjon for stillinga

Kvalifikasjonar innanfor nyskaping, innovasjon og kommersialisering av forsking blir vektlagt ved tilsetting i vitskaplege stillingar ved universitetet.

Me tilbyr

  • variert arbeidskvardag i ein stor, spennande og samfunnsviktig organisasjon
  • eit ambisiøst arbeidsfellesskap og eit inkluderende arbeidsmiljø
  • løn etter Statens lønsregulativ l.pl 17.510, kode 1352, kr 500.000 - 600.000 bto pr år
  • medlemskap i Statens pensjonskasse som sikrar gode pensjons- og forsikringsordningar
  • meir om tilsettgode og fordelar på uis.no

Kontaktinformasjon

Nærare opplysningar om stillinga kan du få ved å venda deg til:

Opplysningar om tilsettingsprosessen kan du få ved å venda deg til HR-rådgivar Camelia Danaei, tlf: +47 51 83 31 49, e-post: camelia.danaei@uis.no.

Generell informasjon

Sjå Forskrift om tilsettingsvilkår for stillingar som postdoktor, stipendiat, vitskapleg assistent og spesialistkandiat.

I tillegg til ei vurdering av den innsendte prosjektplanen og det vitskaplege arbeidet, vil potensielle kandidatar bli inviterte til eit intervju.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett buset seg slik at vedkommande kan vera tilstades ved, og tilgjengeleg for, fagmiljøet på arbeidsplassen i ordinær arbeidstid.

Stillinga er kunngjort på både norsk og engelsk. Ved meiningsforskjell mellom tekstane skal den norske teksten bli lagt til grunn.

Søknad

Søk stillinga elektronisk via «Søk stillinga» på denne sida. Her blir søknad og CV med relevant utdanning og arbeidserfaring registrert.

Følgjande dokument skal lastast opp som vedlegg til søknaden, i separate filer:

  • prosjektskildring- og plan (maksimum 3 sider)
  • vitnemål og attestar
  • komplett publikasjonsliste
  • opp til fire publikasjonar
  • evt annan dokumentasjon som du ønsker det skal bli tatt hensyn til

Dokumentasjonen må ligga føre på eit skandinavisk språk eller engelsk. Dersom vedlegga overskrid 30 MB til saman, må desse komprimerast før dei vert lasta opp. Opplysningar og dokumentasjon som det skal bli tatt omsyn til ved vurdering må vera registrert innan søknadsfristens utløp.

Me gjer merksam på at opplysningar om søkar kan bli offentleggjort sjølv om søkar har bede om å ikkje bli oppført på offentleg søkarliste, jf offentleglova § 25.

UiS vurderer bare søknader og vedlegg registrert i JobbNorge.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS