Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Postdoktor på prosjektet CanCode

Søknadsfrist: 04.10.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap ut ei treårig postdoktorstilling innafor forskingsfeltet islamstudiar og knytt til temaet kanonisering av islamske lovtekster i Skandinavia. Stillinga høyrer til prosjektet "CanCode - Kanonisering og kodifisering av islamske lovtekster" og er delfinansiert av Trond Mohn Stiftelsen (www.uib.no/cancode).

Om CanCode-prosjektet:

CanCode-prosjektet (2020-2024) skal studera og teoretisera endring i islamske tekster over tid. Hovudomgrepa vi tek som utgangspunkt, "kanonisering" og "kodifisering" vert studert på tvers av skiljet mellom det før-moderne og det moderne.

Det er fire arbeidspakkar i prosjektet:

A: Kanoniseringsprosessar på den før-moderne og koloniale Swahili-kysten.

B: Kanoniseringsprosessar i islamsk lov og normer i det samtidige Skandinavia

C: Kodifisering av islamsk lov i før-moderne Zaydi Jemen

D: Kodifisering av islamsk lov i det samtidige Egypt og Israel

Ein femte arbeidspakke (E) er det samanbindande hovudfokuset til prosjektet, kor empiriske data frå arbeidspakke A-D vert samanlikna og kontrastert med teoribygging som mål.

En prosjektomtale vert send søkjarar som ber om det. Ver venleg og kontakt prosjektleiar Eirik Hovden på e-post, eirik.hovden@uib.no.

Om postdoktorstillinga:

Hovudmåla for stillinga er:

  • Søkjaren er forventa å utforme eit eige prosjekt som skal passe inn i arbeidspakke B og E.
  • Søkjaren skal bidra med ny kunnskap om samtidige kanoniseringsprosessar av islamske lovtekster i ein skandinavisk minoritets- eller migrasjonskontekst, og kan stille forskingsspørsmål slik som mellom anna: Kva slag verk frå den klassiske islamske lov-teksttradisjonen vert velde ut for omsetjing til skandinavisk språk og/eller vert inkludert i lokale (moské)bibliotek og pensum i religiøse skular? Kva slag konfliktliner, spenningar og dynamikkar kan observerast i slike utvalsprosessar? I kva grad er lov-sfæren skild frå den pietistiske eller den rituelle sfæren i desse prosessane?
  • Det er forventa at søkjaren gjer etnografisk feltarbeid i ein skandinavisk setting og bruker både kvantitative og kvalitative metodar.
  • Søkjaren er forventa å ta del i prosjektet si formidling og dialogaktiviteter.

Postdoktorstillinga har ein ramme på 3 år og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Den som blir tilsett må i samarbeid med instituttleiar utarbeide ein plan for dette kvalifiseringsarbeidet.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett, gjennomfører postdoktorprosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. Tilsetjing i postdoktorstilling krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og rettar seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjaren må ha norsk doktorgrad (ph.d.) eller tilsvarande, i ein disiplin som er relevant for prosjektet (islam-studiar, historie, religionsvitskap, antropologi, sosiologi, statsvitskap, arabisk).
  • Søkjaren bør ha tilstrekkeleg dugleik i eit relevant skandinavisk språk.
  • Søkjaren må kunne utforske, kategorisere, og relatere til kjeldemateriale frå den islamske teksttradisjonen på arabisk, eller andre relevante språk, og kunne tolke slikt materiale saman med brukarar.
  • Det vil vere ein føremon om søkjaren allereie kjenner moské-landskapet og har røynsle med formidling, i minst eitt av dei skandinaviske landa.
  • Den som blir tilsett må kunne flytande engelsk, både skriftleg og munnleg.
  • Den som blir tilsett må vise eit sterkt engasjement for forsking, kunne arbeide strukturert, sjølvstendig og som ein del av ein gruppe, samt vere ansvarsfull og ha stor arbeidskapasitet.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 60 (kode 1352/LR 24) i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på omlag kr. 531.900 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Slik søkjer du stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGEN» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet.

Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev
  • Søkjaren skal levere ei prosjektskisse på tre sider, ekskludert referansar, som forklarer korleis postdoktorprosjektet passar inn i CanCode-prosjektet, og som skisserer korleis prosjektet kan gjennomførast og kva data som kan nyttast.
  • CV
  • Namn og kontaktinformasjon til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren på ph.d-avhandlinga
  • Liste over eventuelle faglege publikasjonar (publikasjonsliste)
  • Elektronisk versjon av ph.d-avhandlinga
  • Skanna versjonar av originale karakterutskrift og vitnemål
  • Relevante attestar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Vedlegga kan vere i Word eller pdf-format.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar Jan Heiret, jan.heiret@uib.no, 55 58 97 62, eller til
  • Prosjektleiar Eirik Hovden, eirik.hovden@uib.no, 55 58 80 93

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.

Spørsmål om elektronisk søknadsprosedyre kan sendast på e-post til Det humanistiske fakultet: fakadm@hf.uib.no.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søknadsfrist: 04.10.2020

Merk søknaden: 20/9982

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS