LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Postdoktor i terrestrisk økosystemøkologi

Søknadsfrist: 30.06.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling i terrestrisk økosystemøkologi

Ved Institutt for biovitenskap er det ledig ei stilling som postdoktor i terrestrisk økosystemøkologi.

Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år og knytt til prosjektet ECoMAP finansiert av Forskingsrådet.

Om prosjektet

  • ECoMAP tek sikte på å bygge bru over viktige informasjonsgap mellom miljøvitskap og kunnskapsbasert beslutningstaking. Sjølv om samfunnet har utvikla ein omfattande kunnskapsbase om klima og miljø, og nådd viktig politisk semje om miljøpolitiske mål, taper ofte klima- og miljøomsyn i konkurranse med andre samfunnsinteresser. Dette er ei av årsakene til tap av biologisk mangfald og naturtypar.
  • Data og kunnskap er ikkje tilstrekkeleg åleine for å stoppe tapet av natur . For effektiv implementering av arealpolitikk og -forvaltning, må kunnskap om biologisk mangfald og økosystemfunksjonar vere tilgjengeleg i det omfanget og formatet som er relevant for dei lokale avgjerdstakarar som driv arealplanlegging. Dette krev skalerbare og kartleggbare verktøy. No er tida inne for å arbeide med nettopp dette. Tilgjengelege data, nye metodar for modellering, økologiske grunnkart, og ei ny forståing om kva vi treng gjer denne tematikken dagsaktuell.
  • ECoMAP er eit samarbeidsprosjekt som samlar partnarar frå fleire akademiske institusjonar og lokal, regional og nasjonal offentleg forvalting. ECoMAP vil bruke eksisterande data, fagsystemet for vurdering av økologisk tilstand og nye metodar innan modellering av biologisk mangfald, økologisk mangfald og økologisk resiliens, for å utvikle nødvendige løysingar for å bygga bru over det vitskaps-politiske gapet i lokal beslutningstaking og implementera desse via økologiske grunnkart i regi av Artsdatabanken. ECoMAPs mål er å utvikle dynamiske og oppdaterbare kart over biologisk- og økologisk mangfald som er nyttige for lokale beslutningstakere.

Arbeidsoppgåver

  • Den rette kandidaten vil bli ein del av eit breitt vitskapleg team som jobbar i fronten av felta sine innan modellering av artsutbreiing og resiliens, og dessutan ekspertar for kartlegging av økosystemtilstand i Noreg. Du vil òg jobbe i tett samarbeid med ein doktorgradsstudent ved Universitetet i Oslo med komplementære interesser i modellering og kartlegging av økologisk mangfald.
  • Du vil arbeide med å utvikle tilnærmingar for artsutbreiingsmodellering for vurdering av samfunnssamansetninga av artsgrupper over heile Noreg.
  • Du vil utvide og bruke ein ny metode for å kartlegge økosystemtilstandar utvikle i regi av medlemmer av ECoMAP-prosjektet.
  • Du vil bygge bru over gapet mellom statistisk modellering og viktige brukargrupper gjennom å utvikle brukarvennleg rettleiing for å forbetre anvendbarheten av kartresultat.
  • Det vil vere mogleg å samhandle med stakeholders og tilpasse metodane og resultata etter regionale plankrav / tiltak.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor romleg økologi, makroøkologi, statistisk økologi, biologisk bevaring eller liknande eller ha levert ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje
  • Erfaring med statistisk økologi er eit krav.
  • Erfaring med Bayesiansk modellering og / eller spatial random field models er ein føremon
  • Teoretisk forståing av sentrale idear og metodar innan makroøkologi / biogeografi er ein føremon.
  • Sterke programmeringsevner, med spesiell interesse for hierarkisk modellering er avgjerande. Hovudplattforma vi bruker er R. Det er ikkje eit krav å bruke R, men evna til å tilpassa seg denne plattforma må visast.
  • Søkarar må syne at dei er interesserte i å utvikla datadrivne verktøy for å hjelpe til med naturforvaltning.
  • Å forstå og vere villig til å utvikla Open Science-rammeverk er ein føremon
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
  • Gode norskkunnskapar er ikkje eit krav, men forståing av skandinavisk språk vil vere ein føremon.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Om den som vert tilsett manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, kan det verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden til 3 år og 3 månader. Undervisning og anna pliktarbeid for instituttet vil i så høve bli lagt til som oppgåver i stillinga. Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi tilbyr

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg lønssteg 61 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 5) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 545 300535 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • Relevante attestar
  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Vigdis Vandvik, Institutt for biovitenskap, Universitetet i Bergen (vigdis.vandvik@uib.no) eller
  • Førsteamanuensis Alistair Seddon, Institutt for biovitenskap, Universitetet i Bergen (alistair.seddon@uib.no)

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Etter søknadsfrist vil det bli oppnemnt ein komité som skal vurdere søkjarane. Søkjarar har innsynsrett i omtalen av deira faglege kompetanse. Søkjarar som ønsker innsyn kan kontakte saksbehandlar etter mottak av brev om oppnemning av komité.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS