LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Postdoktor i offshore vindkraft

Søknadsfrist: 15.08.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Ved Geofysisk institutt (GFI) er det ei ledig stilling som postdoktor. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år og vil dekkja ein stor del av aktivitetane ved Bergen Offshore Wind Centre (BOW), der fokuset er på å samanfatte grunnleggjande og bruksretta forsking innan vindkraft til havs. Til stillinga ligg det 25% pliktarbeid primært knytt til undervisning.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Vindkraft til havs er avgjerande for å oppnå måla til The European Green Deal. Sjølv om offshore vindkraft er eit felt som har vakse og modna, krev teknologien eit paradigmeskifte for å sikra den berekraftige utviklinga dei neste åra. Ein måte å oppnå dette paradigmeskiftet på er å ha ei moderne tilnærming innan digitalisering. Forskinga knytt til denne stillinga vil nytta digitalisering som eit innovativt verktøy innan forskinga på vindkraft til havs. Kjennskap til dynamisk belastning frå bølger og vind, og datadrevne modellar er ein fordel. Denne nye tilnærminga tillèt å inkludere eksperimentelle data i simuleringa til systemet. Dei vanlege likningane må bli justert slik at man kan erstatte turbinbelastning og materialmodellar gjennom eksperimentelle data. Forskinga knytt til stillinga har òg som mål tett samarbeid med forskingsmiljø innan offshore vind og havbølgjer, og samspelet mellom dei.

Det er en føresetnad at resultatet av denne forskinga vil bli publisert i høgt rangerte tidsskrift. I tillegg til forsking, er det forventa at ein bidreg med undervisning i vårt studieprogram innan energi med fokus på fornybar energi generelt og havvind spesielt.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk - ph.d -grad eller tilsvarande utdanning innanfor ingeniørfag, geofysikk eller fysikk eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring med solid- og væskemekanikk er eit krav.
  • Noko erfaring med finite element metode (FEM) og boundary element metode (BEM) er eit krav.
  • Søkjarar må ha ferdigheiter innan programmering, for eksempel Fortran eller C++.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
  • God skriftleg og munnleg norsk er ein fordel.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar og derfor inneber det forsking og undervisning. Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 61 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 5) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 553 500 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. For søkjarar som har teke ein doktorgrad dei to siste åra, bør ein av desse vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at avhandlinga er levert.
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Førsteamanuensis Cristian G. Gebhardt, Geofysisk institutt og Bergen Offshore Wind Centre, e-post: Cristian.Gebhardt@uib.no tel.: +47 55 58 26 23

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Etter søknadsfrist vil det bli oppnemnt ein komité som skal vurdere søkjarane. Søkjarar har innsynsrett i omtalen av deira faglege kompetanse. Søkjarar som ønsker innsyn kan kontakte saksbehandlar etter mottak av brev om oppnemning av komité.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS