LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Postdoktor i miljøfysiologi

Søknadsfrist: 26.05.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Ved Institutt for biovitenskap ved Universitetet i Bergen er det ledig ei stilling som postdoktor i miljøfysiologi retta mot organismane som lever på tropiske korallrev. Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år og knytt til «forskargruppa i teoretisk økologi» og eit prosjekt finansiert av Noregs Forskingsråd.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

  • Prosjektet “In the heat of the night: The role of hypoxia on coral reefs” skal studere effektane av oksygensvikt om natta på tropiske korallar fiskane som lever på korallrevet.
  • Denne postdoktorstillinga vil vere ansvarleg for fysiologiske eksperiment på feltarbeid i Australia og ved laboratorium i Noreg.
  • Prosjektet finansiere og ein forskar ved Universitetet i Oslo som skal analysere eksisterande datasett, og ei anna postdoktorstilling ved Universitetet i Bergen som skal utvikle og analysere teori ved hjelp av modellering. Fiskefysiologilaben ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) er partnar i prosjektet.
  • Prosjektet er prøvande og utforskande, som inneber at postdoktoren må jobbe uavhengig og kreativt når hen planlegg og gjennomfører eksperimenta.
  • Dei fysiologiske eksperimenta vil bli planlagt og gjennomført i samarbeid med NTNU, som kan føre til at ein må rekne med å vere i Trondheim for kortare periodar.
  • Noregs Forskingsråd har for tida ei ordning som finansiere inntil eitt år ekstra for å forske utanlands, men krev at den som reiser er i Norge minst dei siste seks månadene av kontraktstida. Prosjektet vil oppfordre til at ein sender ein søknad om å ta del i denne ordninga, og vil hjelpe til å utforme søknaden.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor biologi, helst innan miljøfysiologi. Ph.d.-studentar kan søkje dersom disputas er gjennomført innan 30. juni 2021. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Rik erfaring frå å planlegge og gjennomføre fysiologiske eksperiment på fisk er ei føresetnad, sidan postdoktoren vil arbeide sjølvstendig som fysiologieksperten i dette prosjektet.
  • Det er kritisk for prosjektet at den som får stillinga har svært god kontroll på og kunnskap om teknikkane som måler stoffskifte og åtferd og korleis dei heng saman med temperatur og oksygennivå.
  • FELASA eller tilsvarande lisens for å arbeide med forsøk på dyr er nødvendig i dette prosjektet, og det er ein fordel om kandidaten allereie har eit slikt sertifikat.
  • Det er nødvendig at kandidaten har god kompetanse på å analysere fysiologiske datasett.
  • Artiklar av god kvalitet innan miljøfysiologi i solide internasjonale tidsskrift er ein fordel.
  • Det vil telje positivt om kandidaten kan dokumentere bakgrunn frå forsking på effektar av høg temperatur og rolla til klimaendringar på fysiologi, åtferd og livshistorietrekk.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner. Prosjektet siktar mot tett lagarbeid.
  • Søkjarar må ha framifrå engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar, evna til å jobbe sjølvstendig, og relevant forskingsrøynsle vil bli lagt vekt på. Ambisjonar, slik dei kjem fram i motivasjonsbrevet og intervju, vil også telje ved vurdering av kandidatane. Kandidaten bør vise eit tydeleg potensiale for framtida og ei utvikling som peiker oppover.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Om den som vert tilsett manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, kan det verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden med inntil seks månader). Undervisning og anna pliktarbeid for instituttet vil i så høve bli lagt til som oppgåver i stillinga. Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon i Noreg.

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi kan tilby:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 61 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 5) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 545 300 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • eit brev som utgreier søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden din, kan du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd doktorgrad. Doktorgraden må vere dokumentert med vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad, innan 30. juni 2021).
  • relevante attestar og sertifikat
  • dokumentasjon på FELASA eller tilsvarande lisens for å arbeide med forsøksdyr
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. Etter søknadsfrist vil det bli oppnemnt ein komité som skal vurdere søkjarane.

Søkjarar har innsynsrett i omtalen av deira faglege kompetanse. Søkjarar som ønsker innsyn kan kontakte saksbehandlar etter mottak av brev om oppnemning av komité.Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS