LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Postdoktor i matematikk

Søknadsfrist: 06.06.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktor i matematikk

Ved Matematisk institutt er det ledig ei stilling som postdoktor i matematikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år og knytt til prosjektet ‘Computational Dynamics and Stochastics on Manifolds (CODYSMA)’, finansiert av Norges forskningsråd.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Hovedmålet med CODYSMA-prosjektet er å utvikle nye matematiske verktøy og numeriske algoritmar for analyse og løysing av stokastiske og deterministiske differensiallikningar på mangfald. Prosjektet er eit samarbeid mellom NTNU, Trondheim og Universitetet i Bergen. Ei PhD-stilling er knytta til prosjektet ved kvart universitet. CODYSMA-prosjektgruppa er sett saman av høgt respekterte forskarar frå Norge, Østerrike, New Zealand, Sveits og Storbritannia. Ekspertisen i forskingsgruppa inkluderer geometrisk numerisk integrasjon, stokastisk analyse, differensialgeometri, algebra og kombinatorikk.

Forskingsarbeidet skal gjerast i samarbeid med gruppene for Analyse og PDE, Berekningsmatematikk og Algebra ved UiB.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor rein matematikk eller berekningsmatematikk eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring frå matematisk programvareutvikling er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Spesielle krav til stillinga:

Vi søkjer primært kandidatar med sterk bakgrunn i eit eller fleire av følgjande emne: geometrisk numerisk integrasjon, stokastiske differensiallikningar (på mangfald), “rough paths” og regularitetsstrukturer, bruksretta forsking differensialgeometri, fundamentet for berekningsmatematikk (foundations of computational mathematics).

Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga er ei 3-årig åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Om den som vert tilsett manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, kan det verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden med 3 månader. Undervisning og anna pliktarbeid for instituttet vil i så høve bli lagt til som oppgåver i stillinga. (Dei ekstra månadene vert finansierte av instituttet.)

Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi tilbyr

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 61 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 5) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 545 300 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at avhandlinga er levert.
  • relevante attestar
  • liste over vitskapeleg arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Hans Munthe-Kaas, hans.munthe-kaas@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Etter søknadsfrist vil det bli oppnemnt ein komité som skal vurdere søkjarane. Søkjarar har innsynsrett i omtalen av deira faglege kompetanse. Søkjarar som ønsker innsyn kan kontakte saksbehandlar etter mottak av brev om oppnemning av komité.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS