LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Postdoktor i kulturvitskap

Søknadsfrist: 12.09.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap er det ledig ei stilling knytt til Senter for berekraftig arealbruk (CeSAM). Formålet med stillinga er å utføre ei oppfølgingsstudie til den kulturvitskapelege forskinga som vart gjort under det såkalla Lindåsprosjektet på 1970-talet. Denne forskinga handla om arbeidsliv, naturressursutnytting og samfunnsutvikling på strilelandet, og om landskapsforståing og landskapsbruk gjennom 1900-talet. Vi ønskjer at personen som vert tilsett både vil bruke det eksisterande empiriske materialet frå Lindåsprosjektet, samt samla inn nye intervju og anna materiale som kan belyse endringar i jordbruk, landskap og livsformer i eit kystlandskap gjennom dei siste 120 åra.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

  • Søkjaren er forventa å utvikle eit prosjekt som tar i bruk eksisterande kulturhistorisk kjeldemateriale. Det er også ei forventning til at søkjar skal samle inn nytt materiale som kan belyse situasjonen frå 1970-talet til dags dato.
  • Søkjaren er forventa å utvikle eigne forskingsspørsmål knyta til utnytting av naturressursar, kulturøkologiske system og berekraftig utvikling.
  • Søkjaren skal analysere samspelet mellom menneske og naturen, og korleis dette samspelet har endra seg over tid. Analysen bør vere i dialog med perspektiv frå dei ulike CeSAM-partnarane.
  • Søkjaren er forventa å utforme og gjennomføre aktivitetar med sikte på å auke offentleg medvit om berekraftig arv og miljøforvalting, i tråd med berekraftsagendaen.
  • Søkjaren er forventa å analysere data, og skrive og publisere forskingsartiklar. Søkjaren er forventa å publisere innanfor CeSAM og Lindåsprosjektet sitt fokusområde.
  • Søkjaren er forventa å ta del i den generelle teoriutviklinga som er prosjektet sitt overordna mål.

Postdoktorstillinga har ein ramme på 3 år og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Den som blir tilsett må i samarbeid med instituttleiar utarbeide ein plan for dette kvalifiseringsarbeidet.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett, gjennomfører postdoktorprosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. Tilsetjing i postdoktorstilling krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og rettar seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjaren må ha gode norskkunnskapar og vere fortruleg med norske dialektar.
  • Søkjarar må ha norsk doktorgrad (ph.d.) eller tilsvarande innan eit fagområde som er relevant for prosjektet (kulturvitskap, kulturhistorie, museologi og kulturarv, historie, sosialantropologi, samfunnsgeografi eller tilgrensande fagområde). Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før søknadsfristen går ut. Søkjarar som ikkje har norsk doktorgrad, blir vurderte etter krav frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT).
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og ha gode samarbeidsevner.
  • Det er ein føremon å kunne dokumentere tverrvitskapleg samarbeid.

Ved vurderinga av søknadene blir det lagt vekt både på den vitskaplege kvaliteten i prosjekta og dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjarane.

Ved tilnærma like kvalifikasjonar mellom dei rangerte søkjarane blir det lagt vekt på motivasjon og kor personleg eigna søkjarane er.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn tilsvarande lønssteg 61 (kode 1352/LR 24) i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr 553 100 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGEN» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet.

Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev på maks. ei side som seier noko om kvifor ein har vald å søke stillinga
  • Prosjektskisse (inntil 5 sider/12.000 teikn) som gjer greie for korleis det kulturvitskapelege prosjektet kan utførast, og som utdjupar korleis prosjektet passer inn i høve til CeSAM, Prosjektskissa bør også innehalde refleksjonar over metodikk, gjennomføring og materiale, og må inkludere litteraturliste.
  • Framdriftsplan for prosjektet
  • CV
  • Namn og kontaktinformasjon til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå doktorgradsavhandlinga.
  • Liste over eventuelle faglege publikasjonar (publikasjonsliste)
  • Eit kort samandrag av doktorgradsavhandlinga
  • Skanna versjonar av originale karakterutskrift og vitnemål
  • Inntil 3 vitskaplege arbeid (kan inkludere avhandlingar, monografiar og artiklar) som det skal takast omsyn til i vurderinga
  • Relevante attestar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Vedlegga kan vere i Word eller pdf-format.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga og ei full prosjektskisse kan ein få ved å vende seg til:

Søkjarar kan også kontakte til instituttleiar Teemu Ryymin, teemu.ryymin@uib.no, 55 58 38 79.

Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

niversitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Spørsmål om elektronisk søknadsprosedyre kan sendast på e-post til Det humanistiske fakultet: fakadm@hf.uib.no.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS