LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Postdoktor i klimadynamikk

Søknadsfrist: 28.04.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Ved Geofysisk institutt er det ledig ei stilling som postdoktor i klimadynamikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år. Stillinga er knytt til Bjerknes klimavarslingsprogram og Bjerknessenteret for klimaforsking.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Postdoktoren vil arbeide i forskingsprosjekta EU H2020 NextGEMS og JPI Climate EUREC4A-OA. NextGEMS er eit ambisiøst prosjekt for å utvikle og anvende ein ny generasjon såkalla Storm-Resolving Earth System Models (SR-ESM) for å studere klimavariabilitet og endring. SR-ESMS vil ha 3 km horisontale oppløysningar i hav og atmosfære, og vil da fange opp meso- og sub-mesoskala hav-atmosfære interaksjonar. EUREC4A-OA (http://eurec4a-oa.eu) er eit spennande prosjekt som tar sikte på å forbetre representasjonen av interaksjonar mellom hav og atmosfære på liten skala i klimamodellar ved bruk av nyskapande felles observasjons- og modelleringsmetoder.

Postdoktoren skal studere representasjon av atmosfære-hav interaksjon i SR-ESM gjennom detaljert analyse av observasjonar med høg oppløysing og simuleringar av modeller. Målet er å forstå viktigheita av slike småskala atmosfære-hav interaksjonar i tropane for å simulere og framskrive klima. Postdoktoren vil samhandlar med modellutviklar ved Max Planck Institute for Mathematics, Alfred Wegener Institute og ECMWF. Postdoktoren vil støtte UiBs rolle i å leie ein arbeidspakke i NextGEMS-prosjektet, og dette vil inkludere å hjelpe til med å organisere ein «modellapplikasjon-hackathon”.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d. – grad eller tilsvarande utdanning innanfor meteorologi, oseanografi, klimadynamikk, eller anna relevant fagområda; eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Ein solid bakgrunn i tropisk klimadynamikk er eit krav
  • Gode ferdigheiter i dataanalyseprogramvare (Python, MATLAB, CDO, NCO, etc.) er eit krav.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Erfaring med klimamodellering vil vere fordelaktig.
  • Bakgrunn i å studere atmosfære-hav interaksjonar i tropane, basert på observasjonar eller modeller, vil vere fordelaktig.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. 10% av arbeidstida skal brukas på aktivitetar knytt til undervisning, formidling og kommunikasjon ved Geofysisk institutt.

Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 60 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 4) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 535 200,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at avhandlinga er levert.
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Noel Keenlyside (noel.keenlyside@uib.no) eller
  • Forskar dr. Shunya Koseki (shunya.koseki@uib.no), Geofysisk institutt, Universitet i Bergen

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Etter søknadsfrist vil det bli oppnemnt ein komité som skal vurdere søkjarane. Søkjarar har innsynsrett i omtalen av deira faglege kompetanse. Søkjarar som ønsker innsyn kan kontakte saksbehandlar etter mottak av brev om oppnemning av komité.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS