LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Postdoktor i informatikk - bioinformatikk

Søknadsfrist: 30.01.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktor i informatikk - bioinformatikk

Ved Institutt for informatikk er det ledig ei stilling som postdoktor i informatikk – bioinformatikk.

Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år og knytt til prosjektet EBPNor, finansiert av Norges Forskingsråd

Om instituttet

Digitalisering av næringsliv, offentleg forvaltning og utdanning gjer at informatikk spelar ei stadig viktigare rolle i samfunnsutviklinga. Forsking og utdanning i informatikk er avgjerande for at den digitale transformasjonen av samfunnet skal lykkast. Institutt for informatikk bidreg til dette gjennom sju etablerte forskingsgrupper som leverer forsking og utdanning av høg internasjonal kvalitet innan algoritmar, bioinformatikk, maskinlæring, optimering, programmeringsteori, sikker kommunikasjon og visualisering. Vi bygger i tillegg opp en gruppe innan informatikk fagdidaktikk. Instituttet tilbyr moderne og oppdatert utdanning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå. På grunn av den sentrale rolla som informatikk spelar i samfunnet, er instituttet i sterk vekst når det gjeld talet på studentar, forskingsretningar og tilsette. Vi har i dag om lag 900 studentar, 150 tilsette, deriblant 37 førsteamanuensar og professorar og 70 stipendiatar. Vi har etablert Center for Data Science (CEDAS) som ei viktig utviding av aktivitetane våre innan forsking og utdanning. Instituttet huser også Computational Biology Unit (CBU), kvar vår forskingsgruppe i bioinformatikk er ein del av.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Earth BioGenome Project (EBP) er eit ikkje-kommersielt globalt initiativ som har som målsetting å katalogisere genomane til alle dei 1,5 millionar eukaryotiske artene på jorda over ein periode på ti år. Den nasjonale norske initiativet EBP, EBPNor, har som mål å sekvensere alle dei eukryotiske artane som finst i Noreg (opp til 45 000).

Kunnskap om dei fullstendige DNA-sekvensane til alle dei forskjellige artane på jorda vil gi grunnlag for å adressere biologiske spørsmål av alle slag og vil danne ein eineståande resurs med vitskapelege data for bioteknologi, medisin og medikamentutvikling, bioprospektering, nye materialar, biodrivstoff og bioproduksjon (akvakultur, landbruk og avling av husdyr, m.m.). Du vil bli ein del av eit tverrfaglig lag som arbeider med å fremje kunnskap om det globale biologiske mangfaldet og bidra til å beskytte det. Du vil utvikle og optimalisere arbeidsflytar (workflows) for å automatisere samanstillingar, annotering og visualisering av nylig sekvenserte genom i EBPNor. Du vil jobbe for å forbetre genomannoteringa ved å nytte den høgare taksonomiske dekninga generert av EBPNor og tilknytte partnarprosjekt.Vi ser etter ein utmerka kandidat som har eit sterk ynskje om å bidra til framifrå forsking og utdanning av høg internasjonal kvalitet. Arbeidsplass for denne stillinga vil vera hos forskingsgruppa bioinformatikk ved CBU.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor bioinformatikk eller berekningsorientert biologi eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring frå programmering, t.d. i Python eller Java er eit krav.
  • Solid kunnskap om informatikk/datavitskap og statistikk er eit krav.
  • Kunnskap om grunnleggande konsept frå molekylærbiologi, t.d. genar og protein og deira oppbygging er eit krav.
  • Erfaring frå arbeid med genomdata er eit krav.
  • Erfaring frå samanstilling, annotering og kurering av genom er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 61 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 5) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 553 500 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at avhandlinga er levert
  • Relevante attestar
  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge innan 30.01.2022.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Ansettelse er underlagt godkjenning i henhold til loven om eksportkontroll.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS