LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Postdoktor i detektorfysikk

Søknadsfrist: 18.04.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktor i detektorfysikk

Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ledig ei stilling som postdoktor i detektorfysikk / eksperimentell høgenergi kjernefysikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år og er finansiert av Norges Forskningsråd.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Stillinga er knytt til den norske aktiviteten i ALICE-prosjektet på CERN, finansiert av Norges Forskningsråd. Tungionegruppa ved Institutt for fysikk og teknologi tek del i ALICE-eksperimentet, som for tida førebur seg på ei tredje runde med datainnsamling frå ultrarelativistiske proton-proton, bly-bly og proton-bly-kollisjonar ved Large Hadron Collider på CERN. Ei vidare oppgradering av ALICE-eksperimentet er planlagt for Run-4, når eit nytt kalorimeter (FoCal) med høg oppløysing vil bidra til ny innsikt i "forward-physics". Focal er designa for å utforske det lite kjende framover-kinematiske regimet til parton distribusjonane i nukleoner og kjerner med høge energiar. Desse kan karakteriserast gjennom målingar av direkte fotoner, nøytrale mesoner, jets og kvarkonia som svært høge tettleikar av gluoner og som metningseffektar.

FoCal-detektoren vil bli plassert i «forward rapidity region» nær strålerøret og vil bestå av eit elektromagnetisk kalorimeter (FoCal-E) og eit hadronkalorimeter (FoCal-H). FoCal-E er samansett av mange lag med Wolframplater med silisiumdetektorlag innimellom. Nokre av detektorlaga vil bestå av «Monolithic Active Pixel Sensors» (MAPS), opphaveleg utvikla for oppgraderinga som no går føre seg på «ALICE Inner Tracking System». Den som vert tilsett, skal primært bidra til utvikling av utlesingssystemet med integrering av sensorar, elektronikk og datainnsamling i eit detektorsystem, og med testing og karakterisering av detektorprototypane.

Det er forventa at den som vert tilsett deltar i strålingstestar og bidrar til både dataanalyse og detektorsimulering. Stillinga vil vere basert i Bergen, men må rekne med å bruke tid på eksperimentelle målingar og andre ALICE-aktivitetar på CERN i Genève.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor detektorfysikk eller eksperimentell høgenergi kjerne/partikkelfysikk eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje
  • Erfaring frå arbeid i store eksperiment, praktisk kunnskap om silisiumdetektorar, utlesingselektronikk og datainnsamling er eit krav.
  • Praktisk erfaring frå strålingstesting av detektorar og/eller elektronikk og annan relevant eksperimentell erfaring er ein stor føremon.
  • Gode kunnskapar i programmering med erfaring frå dataanalyse og/eller simulering er sterkt ønskeleg.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Om den som vert tilsett manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, kan det verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden til 3 år og 6 månader. Undervisning og anna pliktarbeid for instituttet vil i så høve bli lagt til som oppgåver i stillinga. Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt).

Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 60 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 4) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 532 300,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at avhandlinga er levert.
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Etter søknadsfrist vil det bli oppnemnt ein komité som skal vurdere søkjarane. Søkjarar har innsynsrett i omtalen av deira faglege kompetanse. Søkjarar som ønsker innsyn kan kontakte saksbehandlar etter mottak av brev om oppnemning av komité.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS