LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Postdoktor i berekningsmetodar for kondensat / Liquid Liquid Phase Separation biologi

Søknadsfrist: 28.02.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling i berekningsmetodar for kondensat/Liquid Liquid Phase Separation biologi

Ved Institutt for biovitskap og Computational Biology Unit (CBU) er det ledig ei stilling som postdoktor i berekningsmetodar for kondensat/ Liquid-Liquid Phase Separation (LLPS) biologi. Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Stillinga er knytt til Sushma Grellscheid si tverrfaglege forskingsgruppe ved Institutt for biovitskap (eksperimentelt laboratorium) og CBU ved Institutt for informatikk ved Universitetet i Bergen. Prosjektet er svært tverrfagleg og ligg i grensesnittet mellom biologi, fysikk og informatikk. Det søkjer å utvikle berekningsmetodar for å kunne studere dei fysiske eigenskapane til biologiske LLPS-kondensat. Dette arbeidet vert gjort i nært samarbeid med eksperimentelle biologar i gruppa og internasjonale samarbeidspartnerar innan «soft matter» fysikk.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor bioinformatikk, biokjemi, biofysikk, informatikk eller tilsvarande, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring med å utvikle berekningsbaserte simuleringar er eit krav.
  • Erfaring med å utvikle eller tilpasse nye algoritmar og pipelines for å støtte spesiallaga/eigendefinert analyse og visualisering av data er eit krav.
  • Programmering i Linux / Bash og Python er eit krav.
  • Erfaring med teoretisk eller eksperimentell biofysikk er ein føremon
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, inkludert systematisk dokumentering av alt arbeid, samt kunne utarbeide kvalitetsrapport av sluttanalysar og resultat for manuskript. Søkjarar må òg ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Om den som vert tilsett manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, kan det verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden med inntil 6 månadar. Undervisning og anna pliktarbeid for instituttet vil i så høve bli lagt til som oppgåver i stillinga. (Dei ekstra månadene vert finansierte av instituttet.) Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt).Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.

Vi tilbyr

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 60 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 4) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr 535 200 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga, inkludert korleis dine kvalifikasjonar er relevant for prosjektet
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at avhandlinga er levert.
  • Relevante attestar
  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Førsteamanuensis Sushma Grellscheid, Institutt for biovitskap, sushma.grellscheid@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS