Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Postdoktor (3 år) - Klinisk institutt 2

Søknadsfrist: 11.10.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, er det ledig ei 100 % stilling som postdoktor for ein periode på tre (3) år. Stillinga er knytt til prosjektet” Modelling of diabetes progression to complications employing integration of omics data and machine learning tools”. Stillinga er lokalisert ved Senter for diabetesforskning (http://www.uib.no/en/diabets ),og er finansiert av Bergen forskningsstiftelse.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

  • Storskala genomiske analyser ved bruk av GWAS kort punktvis beskriving av diabetesrelaterte fenotypar, dvs. kliniske faktorar og vaskulære komplikasjoner.
  • Modellering av forskjellige omiske data (transkriptomikk, metabolomikk og genetikk ved bruk av standard regresjonsmetoder, innovative statistiske teknikkar og statistikk for maskinlæringsverktøy for å finne en optimal modell for diabetesprogresjon.
  • Etablere bioinformatikknettverk i de europeiske samarbeidande konsortiane og rettleie biomedisinske master- og doktorgradsstudentar

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor biostatistikk, matematisk modellering og/eller programmering, eller ha levert doktoravhandlinga innan søknadsfristen. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje og seinast innan 16.02.2021
  • erfaring frå biostatistikk, programmering og / eller matematikk
  • erfaring frå GWAS-analyser og RNA-sekvenseringsanalysar
  • erfaring med rådgivning, undervisning, skriving av manuskripter og potensielt søknader
  • erfaring med diabetesforskning
  • arbeid uavhengig og strukturert og ha evna til å samarbeide med andre
  • ferdigheter i både skriftleg og munnleg engelsk, norskkunnskapar er ønskeleg

Særeigne krav for stillinga knytt til erfaring med integrerende analyser av storskala omics-data for progresjon av diabetes

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i postdoktorstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen.

Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Den tilsette kan bli pålagt pliktarbeid i form av undervisning og liknande arbeid ved instituttet.

Vi tilbyr:

  • spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • løn etter lønssteg 62 (kode 1352/lønsramme 24.4) for tida kr 552 800, med medisinsk/odontologisk embetseksamen lønssteg 63 (kode 1352/lønsramme 24.7) for tida kr 563 700, med spesialistutdanning lønssteg 65 (kode 1352/lønsramme 24.9) for tida kr 583 900, i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
  • karakterutskrifter og vitnemål (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar) og dokumentasjon på godkjent avhandling
  • relevante attestar
  • publikasjonsliste
  • vitskapelege arbeid. Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf)
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda til å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar utvida offentleg dokumentinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å stå på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS