LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Postdoktor (3 år) - Institutt for global helse og samfunnsmedisin (IGS)

Søknadsfrist: 15.10.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktor (3 år)

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin (IGS), ved fagområdet Samfunnsmedisin, arbeids- og miljømedisin, helseleiing (SAMLET), er det ledig ei stilling som postdoktor (100 %) for ein periode på tre (3) år. Stillinga er knytt til prosjektet “Integration as a way to reducing health inequities among forced migrants: A collaborative and knowledge building project” («Integrering for helse blant innvandrere»), finansiert av Norges forskningsråd.

Om prosjektet «Integrering for helse blant innvandrere»

Helsepersonell med innvandrarbakgrunn, spesielt flyktningar, må ofte vente lenge for å få utdanninga godkjend, og i mange tilfelle får dei aldri godkjenninga på grunn av administrative barrierer. Samtidig manglar helsesektoren i Noreg fullt ut tilstrekkeleg kulturell kompetanse, og studentane får sjeldan nok eksponering for kulturelt mangfold og opplæring om likeverdige tenester som ein del av utdanninga. Inkludering er ein sentral europeisk politisk prioritet, og dei nye nasjonale læreplanforskriftene for norsk helse- og velferdsopplæring forplikter utdanningsinstitusjonar til å inkludere kulturell kompetanse i sine program. For å løyse desse utfordringane er Universitetet i Bergen og Høgskulen på Vestlandet engasjert i å auke mangfoldet blant lærarar og studenter og betre kompetansen på området. Likevel er det korkje ein klår strategi eller tilgjengeleg evidens på korleis denne inkluderinga kan påverke migrantar, familiane deira eller institusjonane sjølv.

Denne studien vil teste hypotesen om at tilhøvet mellom helse og integrering er sirkulært snarare enn lineært og at ei meningsfylt integrering i arbeidsmarknaden kan væra nøkkelen til å betre helse og velvære for innvandrarar. Vår studie vil bygge på det pågåande samarbeidet på tvers av institusjonar med forskjellige roller, kompetansar og kapasitetar, inkludert migrantar sjølv, for å få ei betre forståing av dei komplekse interaksjonane mellom helse og integrering. Vi vil òg samarbeide for å produsere, gjennomføre og evaluere ein innovativ intervensjon om integrering av innvandrarar med helsebakgrunn i norske akademiske institusjonar. Framlegget vårt er dermed ein potensiell drivar for ytterlegare tiltak som fremmer velferd, helse og integrering av migrantar.

Primære og sekundære mål

Dette prosjektet har to hovudmål: For det første, å studere den komplekse utviklinga av integrering og helse i eit nytt heimland blant flyktningar i eit livsløp-perspektiv ved hjelp av både kvantitative og kvalitative metodar. For det andre, å studere effekten av ein innovativ arbeidsrelatert intervensjon på helse og integrering av helsepersonell medinnvandrarbakgrunn, samt verknaden på familiane deira og institusjonane som opnar dørene for denne gruppa.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Denne postdoktor-stillinga vil spesifikt jobbe med den første delen av prosjektet: «Interactions between somatic health, mental health and social integration in a trajectory perspective. A cohort study». Denne delen er ei forlenging av CHART-prosjektet (Health and health care needs among Syrian refugees | Thematic area: General Practice | UiB). Arbeidsstad er Alrek helseklynge ved Universitetet i Bergen.

Postdoktoren vil jobbe tett med hovudforskaren og mentor professor Esperanza Diaz ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin, andre seniorforskarar ved prosjektet, og to Ph.d.-kandidatar ved same studie. Jobben inkluderer å koordinere dei ulike delane av studien i samarbeid med hovudforskaren og samarbeid med mellom anna Universitetet i Bergen, Høgskulen på Vestlandet, Bergen kommune og Caritas Bergen.

Hovudarbeidsoppgåvene blir å:

  • organisere innhenting av data for neste samlingspunkt for tidlegare deltakarar i CHART-prosjektet
  • utføre statistiske analysar
  • skrive akademiske artiklar og rapportar
  • formidle resultata til beslutningstakarar og andre interessentar
  • undervise studentar i faget migrasjon og helse ved behov
  • koordinere arbeidet med den kvalitative delen av studien og med intervensjonsstudien)

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor fortrinnsvis medisin eller psykologi eller samfunnsvitskap eller ha levert doktoravhandlinga innan søknadsfristen. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje og seinast innan 1. desember 2021.
  • kompetanse innan kvantitative metodar og gode analyseferdigheiter
  • gode ferdigheiter i norsk og engelsk munnleg og skriftleg
  • andre språk vil verte sett på som positivt
  • arbeide sjølvstendig, strukturert og gode koordinerings- og samarbeidsevner
  • evne til nytenking og gjennomføring
  • erfaring frå relevante forskingsprosjekt om migrantar og integrering vil verte vektlagd
  • erfaring med utvikling og organisering av intervensjoner og kurs vil verte sett på som positivt, spesielt opplegg organisert for/saman med migrantar
  • vitskaplege publikasjonar og/eller anna fagleg formidling relatert til innvandrarar vil bli vektlagt

For at søknaden skal verte vurdert, må kandidaten byte forskingsmiljø frå der ph.d. arbeidet vart gjennomført.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Den tilsette kan bli pålagt pliktarbeid i form av undervisning og liknande arbeid ved instituttet.

Vi tilbyr:

  • spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • løn etter lønssteg 62 (kode 1352/lønsramme 24.6) for tida kr 563 900, med medisinsk/odontologisk embetseksamen lønssteg 63 (kode 1352/lønsramme 24.7) for tida kr 574 700, med spesialistutdanning lønssteg 65 (kode 1352/lønsramme 24.9) for tida kr 594 300, i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
  • karakterutskrifter og vitnemål (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar) og dokumentasjon på innlevert avhandling
  • relevante attestar
  • publikasjonsliste
  • vitskapelege arbeid. Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf)
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS