LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Postdoktor (3 år) - Centre for Cancer Biomarkers CCBIO

Søknadsfrist: 22.05.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Ved senter for framifrå forsking (SFF) Centre for Cancer Biomarkers CCBIO, ved Klinisk Institutt 1, Det medisinske fakultet, er det ledig ei (100%) mellombels stilling som postdoktor for ein periode på tre (3) år. Stillinga er knytt til prosjektet «Protein Biomarkers and Novel Targets in Aggressive Breast Cancer», finansiert av Universitetet i Bergen og Noregs Forskingsråd.

Om CCBIOCCBIO leiast av professor Lars A. Akslen og arbeider med biomarkørar for å oppnå ei betre forståing av kreftsvulstar og meir presis kreftbehandling. Forskarane har eit særleg fokus på mekanismar og markørar knytt til korleis svulstar veks og samhandlinga mellom svulstceller og mikromiljøet, og korleis dette påverkar kreftspreiing og prognose. Forskingsaktiviteten er organisert i fire program: basale studie og dyre-modellar (Program 1), kartlegging og validering av nye biomarkørar (Program 2), kliniske studiar (Program 3) og studiar av etiske-, økonomiske- og prioriteringsmessige problemstillingar (Program 4). CCBIO har ein sterk internasjonal profil og samarbeidspartnarar på verdsbasis og er ein av to stadar i Norden som har instrumentering for Imaging Mass Cytometry (IMC). Les meir om CCBIO.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Postdoktoren vil vere del av Program 2 innan prosjektet ”Protein Biomarkers and Novel Targets in Aggressive Breast Cancer” og vil fokusere på underprosjektet : ”Imaging Mass Cytometry of Tumor Microenvironment Features in Breast Cancer Subtypes”. Målet er å identifisere nye biomarkørar som reflekterer kompleksiteten i mikromiljøet ved human brystkreft, interaksjonen mellom kreftceller og mikromiljøet og korleis dette påverkar aggressive trekk ved svulstar og pasientprognose. Stillinga vil fokusere på integrerte proteinstudiar ved hjelp av imaging mass cytometry (IMC), immun-histokjemi og proteomikk-profilering av humane vevsprøver og relevante panel av cellelinjer.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor eit relevant medisinsk forskingsfelt, eller ha levert doktoravhandlinga innan
  • søknadsfristen. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje og seinast innan 31. Oktober 2021
  • søkjar må ha ein sterk metodologisk bakgrunn med ein klar samla relevans for prosjektet
  • søkjar må ha sterk bakgrunn innan medisinsk forsking
  • erfaring med imaging mass cytometry er sterkt ønskjeleg
  • erfaring med masse-spektrometri-basert proteomikk er sterkt ønskjeleg
  • erfaring med moderne molekylære og morfologiske metodar, inklusive immun-histokjemi og konfokalmikroskopi er sterkt ønskeleg
  • erfaring med handtering av store datamengder, billed-analyse og bioinformatiske verktøy er særs ønskjeleg
  • erfaring med PCR baserte teknikkar, Western blot, ELISA, cellelinjearbeid og bioinformatiske metodar vil vere ein føremon
  • søkjar må ha flytande ferdigheitar i engelsk skriftleg og munnleg
  • personlege eigenskapar vil verte vektlagt. Søkjarar med dokumentert evne til å arbeide sjølvstendig, samarbeide godt, vise sterk motivasjon og ansvarskjensle, ha høg arbeidskapasitet og entusiasme for forsking vil verte føretrekt
  • søkjar må ikkje vere allergisk mot forsøksdyr og må vere villige til å arbeide med forsøksdyr brukt til dyreforsøk

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i postdoktorstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen.

Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.Den tilsette kan bli pålagt pliktarbeid i form av undervisning og liknande arbeid ved instituttet.

Vi tilbyr:

  • spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • løn etter lønssteg 62 (kode 1352/lønsramme 24.6) for tida kr 555 800, med medisinsk/odontologisk embetseksamen lønssteg 63 (kode 1352/lønsramme 24.7) for tida kr 566 700, med spesialistutdanning lønssteg 65 (kode 1352/lønsramme 24.9) for tida kr 586 500, i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

For internasjonal søkjar vil følgjande vere relevant informasjon:Helseforsikring for arbeidstakaren og for dei av arbeidstakarens familie som er busett i Noreg er inkludert gjennom Folketrygda.Norsk offentleg skule er av høg kvalitet og er gratis.Bergen har full barnehagedekning. Kostnaden for barnehageplass var i 2019 maksimalt 3 230 kr for første barn, 2 261 kr for andre barn og 1 615 kr for kvart påfølgjande barn.

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
  • karakterutskrifter og vitnemål (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar) og dokumentasjon på godkjent avhandling
  • relevante attestar
  • publikasjonsliste
  • vitskapelege arbeid. Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf)
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Lars A. Akslen, + 47 55 97 31 82 / +47 55 97 31 73, e-post: Lars.Akslen@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS