Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Postdoktor - mikrobiom og lungeforsking

Søknadsfrist: 23.09.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktor - mikrobiom og lungeforsking

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, er det ledig ei stilling som postdoktor (100 %) for ein periode på tre (3) år. Stillinga er knytt til prosjektet ” Oral and Environmental Microbiome, Endotoxin and Lung Health; the United Airways concept extended ”, finansiert av Norges forskningsråd.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

  • Nytte populasjons-baserte studiar for å studere samanheng mellom oral bakterieflora og lungehelse
  • Samanlikne bakteriesamansetning frå munnhola mellom studiepopulasjonar frå forskjellig land og over generasjonar
  • Analysere mikrobiom sekvenseringsdata frå munnhole og miljøprøvar for å undersøkje samanheng med inflammatoriske og respiratoriske endepunkt
  • Isolering og ekstrahering av bakterielt DNA frå humane orale prøver og 16S rRNA og helgenom sekvensering

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor molekylærbiologi, biokjemi, mikrobiologi, biostatistikk, eller ein tilsvarande disiplin, eller ha levert doktoravhandlinga innan søknadsfristen. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje og seinast innan 1. februar 2021.
  • erfaring frå biostatistisk analyse av mikrobiom NGS data er påkravd
  • erfaring frå våtlab frå NGS av bakterieflora prøver er påkravd
  • erfaring med avansert statistisk analyse og bruk av R verktøy er påkravd
  • kjennskap til anna programmeringsspråk eller statistiske pakkar (e.g. QIIME) som brukas til mikrobiom data vil vere ein føremon
  • kjennskap til analyse av metagenomics data vil vere ein føremon
  • erfaring frå forsking relatert til lungesjukdom er ønskeleg
  • å ha produsert fagfelle vurderte publikasjonar i internasjonale tidsskrift innan mikrobiom eller mikrobiota-relatert forsking, biostatistikk eller statistiske metodar vil bli tillagt vekt
  • personlege eigenskapar vil bli tillagt vekt; arbeide sjølvstendig og interaktivt som del av en større gruppe, vere motivert og ansvarleg, og også ha ein høy arbeidskapasitet og en entusiasme for forsking
  • nytte engelsk munnleg og skriftleg (norsk er ikkje påkravd)

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i postdoktorstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen.

Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Den tilsette kan bli pålagt pliktarbeid i form av undervisning og liknande arbeid ved instituttet.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 62 (kode 1352/lønsramme 24.4) for tida kr 552 800, med medisinsk/odontologisk embetseksamen lønssteg 63 (kode 1352/lønsramme 24.7) for tida kr 563 700, med spesialistutdanning lønssteg 65 (kode 1352/lønsramme 24.9) for tida kr 583 900, i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
  • karakterutskrifter og vitnemål (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar) og dokumentasjon på godkjent avhandling
  • relevante attestar
  • publikasjonsliste
  • vitskapelege arbeid. Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf)
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS