LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Postdoktor i vitskapsteori

Søknadsfrist: 03.06.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktor i vitskapsteori

Velkomen som søkjar til ei ledig postdoktorstilling i vitskapsteori ved Senter for vitskapsteori med oppstart 1. oktober 2023 eller etter avtale. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år.

Om senteretSVT er ei tverrfagleg og tverrfakultær eining ved Universitetet i Bergen som driv forsking innanfor fagområda vitskapsteori, vitskaps- og teknologistudier (STS), forskings- og vitskapsetikk, ansvarleg forsking og innovasjon (RRI), og politisk filosofi. Eit oversyn over forskingsaktivitetane på senteret finn du her.

SVT har ca. 30 tilsette i faste og midlertidige stillingar, inkludert 12 ph.d.- og postdoktorstillingar. Senteret tilbyr kurs i vitskapsteori og etikk for ph.d.-kandidatar ved UiB. Senteret tilbyr dessutan eit masterprogram i berekraft, og dei tverrfagelge emna "Dannelsesemner", for studentar frå alle fakultet ved UiB. Les meir om forskinga ved SVT her.

Om prosjektet:

Utlysinga er open for prosjektsøknader innan eitt av følgjande forskingsfelt:

  • Sosiale, politiske, og etiske perspektiv på vitskapeleg kunnskap.
  • Grunnlagspørsmål i vitskapsfilosofi.
  • Politisk filosofi knytt til vitskap og teknologi.
  • Vitskapleg evidens for politikkutforming og praksis.

Søkarar med doktorgrad relevant for forskingsfelta ovanfor, er velkomne til å søkje. Prosjektforslaget skal ha ein tydeleg tverrfagleg profil, reint disiplinære prosjekt vil ikkje bli vurderte. Prosjektforslag med ein empirisk komponent vil bli føretrekte.

Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga har ein ramme på fire år, og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Den som blir tilsett må utarbeide ein plan for dette kvalifiseringsarbeidet i samråd med instituttet. 25 prosent av tida er pliktarbeid, som først og fremst omfattar undervisning, men òg andre oppgåver som administrasjon med meir. Plan for denne delen av stillinga blir avtalt med senteret ved tilsetjing

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett, gjennomfører postdoktorprosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. Tilsetjing i postdoktorstilling krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og rettar seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Kvalifikasjoner og eigenskaper

  • Søkjarar må ha norsk doktorgrad (ph.d.) eller tilsvarande utanlandsk grad innan ein disiplin som er relevant for ph.d.-prosjektet (som nemnd ovanfor). Doktoravhandlinga må vere levert før søknadsfristen er ute, og oppnådd doktorgrad er eit vilkår for tilsetjing.
  • Søkjaren må leggje fram ei prosjektskisse innan eitt av forskingsfelta nemnd ovanfor, med framdriftsplan for hovudaktivitetane i prosjektet. I tillegg må søknaden innehalde ein plan for publisering av forskingsresultata i internasjonale, anerkjende kanalar.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må beherske engelsk.

Ved vurderinga av søknadene blir det lagt vekt både på den vitskaplege kvaliteten i prosjekta, dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjarane og framdriftsplanen for prosjektet.

Ved tilnærma like kvalifikasjonar mellom dei rangerte søkjarane, vil det bli lagt vekt på fagstrategiske omsyn, motivasjon og kor personleg eigna søkjarane er.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Løn tilsvarande lønnssteg 62 (kode 1352/Kort lønnsstige) for tiden ei årslønn på kr 573 500 brutto. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • Medlemskap i Statens pensjonskassestilling.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar

Slik søkjer du stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk via lenka «SØK STILLINGEN» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet.

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
  • Prosjektskisse for postdoktorprosjektet (inntil fem sider/12 000 teikn, bibliografi ikkje medrekna).
  • Framdriftsplan for prosjektet og ein plan for publisering i internasjonalt anerkjende kanalar.
  • Litteraturliste for prosjektskissa.
  • Fullstendig liste over alle vitskaplege arbeid (publikasjonsliste).
  • Inntil fem vitskaplege arbeid (kan inkludere avhandlingar, monografiar og artiklar) som vil bli særleg vektlagde i vurderinga av akademiske kvalifikasjonar.
  • Ei kort oppsummering av doktoravhandlinga (inntil tre sider).
  • CV.
  • Vitnemål og karakterutskrifter som dokumenterer fullført bachelor- og mastergrad, og som viser at doktoravhandlinga er levert inn.
  • Relevante attestar og stadfestingar.
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå doktoravhandlinga

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Senterleiar Rasmus Slaattelid epost: rasmus.slaattelid@uib.no , telefon: +47 482 24 658

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Dei best kvalifiserte søkjarane blir kalla inn til intervju.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Spørsmål om elektronisk søknadsprosedyre kan sendast på e-post til Det humanistiske fakultet: fakadm@hf.uib.no.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS