LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Postdoktor i vindenergi-meteorologi

Søknadsfrist: 26.05.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Ved Geofysisk institutt (GFI) er det ledig ei stilling som postdoktor i vindenergi-meteorologi. Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år. Stillinga er finansiert av eksterne midlar i prosjektet ImpactWind Sørvest (NFR prosjektnummer 332034) Stillinga er knytta til Bergen Offshore Wind Centre (BOW) og forskningsgruppene i fornybar energi og meteorologi ved GFI.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Det er ambisiøse mål for utbygging av havvindenergi, både internasjonalt og her i Norge. For å realisere dei norske ambisjonane krevjast ei rask, koordinert og tverrfagleg tilnærming for etablering av det nødvendige forskingsbaserte kunnskapsgrunnlaget som kan danne grunnlag for en effektiv og straumlinja lisensieringsprosess (for utbygging av vindparkar). I ImpactWind Sørvest samarbeider eit forskingsinstitutt, tre universiteta, fire næringsclustere, to nasjonale industriforeiningar og syv potensielle utbyggjarar av havvindparkar i ein felles satsing for å forbetre lisenssøknadsprosessen.

Ti konkrete kunnskapsgap er identifisert i dialog med dei relevante brukargruppene:

1) Konsekvensar av havvindparkar for det marine miljø, 2) Arealkonfliktar, 3) Sirkulær design, 4) Kostnadseffektivitet og optimalisering av arbeidsforholda, 5) Sosial aksept av havvindenergi, 6) Kompetanseoppbygging over hele verdikjeda 7) Klimaeffektar av vindresurssene, og mikroklimatiske og juridiske forhald 8) Konsekvensane av klimaendringane ved utbygging og drift av vindparkar 9) Risiko for og konsekvensar av ulykker 10) Standardar for overvaking av miljø og vindparkanlegg. Den aktuelle kandidaten skal primært arbeide med problemstillingar knytt til «klimaeffektar av vindressursar, mikroklimatiske forhald» i tema 7 over, men er også forventa å bidra med vind- og havmiljø kompetanse inn mot dei andre tema. Hovudfokus for denne postdoktorstillinga skal vere meteorologiske forhald for framtidig utvikling av havvindenergi og skal dekke eit stort spenn i lengde- og tidsskalaer.

Den aktuelle kandidaten skal undersøkje moglege endringar i vindressursar i eit framtidig klima, moglege effektar av operasjonelle vindparkar på dei lokale vind- og bølgeforhalda og resulterande effektar av vindparkvaker på nærliggande vindparkar. Det siste temaet forutsette eit nært samarbeid med ein parallell postdoktorstilling knytt til juridiske forhald som er utlyst ved Det juridiske fakultet ved UiB.

Arbeidet vil videre innebere utvikling av undervisningsmateriell innan havvindenergi til bruk i masterutdanning og etterutdanningskurs. Det forventast også at kandidaten bidrar i undervisning og rettleiing av studentar innan energiutdanninga og i organisering av sommarskolar i regi av ImpactWind Sørvest. Kandidaten vil vere del av Bergen Offshore Wind Centre (BOW) og er oppfordra til å involvere seg i relevante forskingsaktivitetar ved senteret.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd ph.d.–grad eller tilsvarande utdanning innanfor atmosfærevitskap eller relevante fagområde eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring i vindenergimeteorologi, spesielt med vindfeltmodellering og analyse av store data set frå modeller og observasjonar, er eit krav.
  • Gode evner i vitskapeleg programmering og dataanalyse er eit krav.
  • Erfaring i oseanografi og utvekslingsprosessane mellom hav og atmosfære er ein føremon.
  • Erfaring i undervisning og utvikling av undervisningsmateriell er ein føremon.
  • Erfaring i disseminering og populærvitskapeleg framstilling er ein føremon.
  • Erfaring frå datapublikasjon og med FAIR retningslinjene er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
  • Gode norskkunnskapar er ein føremon.

I vurderinga av aktuelle kandidatar vil ei heilskapleg vurdering av både kvalitet og breidde i kandidatane si forsking bli gjennomført. Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli vektlagde. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga

Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Om den som vert tilsett manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, kan det verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden til 3 år og 3 månader. Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. I samsvar med Forskingsrådet sine reglar, kan heller ingen tilsetjast fleire gonger i NFR-finansierte postdoktorstillingar.

For eksternfinansierte postdoktorar

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi tilbyr

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 62 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 4) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 573 900,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at avhandlinga er levert.
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Joachim Reuder, Geofysisk institutt, joachim.reuder@uib.no, +47 381397

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Etter søknadsfrist vil det bli oppnemnt ein komité som skal vurdere søkjarane. Søkjarar har innsynsrett i omtalen av deira faglege kompetanse. Søkjarar som ønsker innsyn kan kontakte saksbehandlar etter mottak av brev om oppnemning av komité.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS