LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Postdoktor i sørafrikansk geoarkeologi

Søknadsfrist: 12.03.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap er det ledig ei treårig postdoktorstilling innanfor fagdisiplinen geoarkeologi, relatert til landskapsutvikling langs den sørlege kysten i Sør-Afrika i Pleistocen og tidleg Holocen, og vi ønskjer alle kvalifiserte søkjarar velkommen. Stillinga er del av The Centre for Early Sapiens Behaviour (SapienCE), eit senter for framifrå forsking (SFF), finansiert av Norges forskningsråd. SapienCE er eit multidisiplinært senter for framifrå forsking som undersøker og kontekstualiserer den tidlege framveksten av tidleg åtferdsmessig modernitet i den sørafrikanske mellomsteinalderen (MSA).

Hovudoppgåvene i stillinga er framstilling av detaljerte rekonstruksjonar av paleolandskapa kring mellomsteinalderlokalitetane Blombos Cave og Klipdrift Shelter, samt å fremje forståing av desse landskapa sin utvikling over tid. Prosjektet inneberer ekstensivt feltarbeid i Sør-Afrika med fokus på feltkartlegging og prøvetaking av aeolianittar og paleosolar, samt laboratoriebaserte sedimentologiske, pedologiske og geokronologiske analysar. Hovudføremålet med prosjektet er framstillinga av paleolandskapsmodellar som kan nyttast til: a) bidra til dei arkeologiske tolkingane av desse viktige mellomsteinalderlokalitetane og b) binde saman dei detaljerte geoarkeologiske kunnskapsframstillingane frå desse lokalitetane med andre data. Dette gjeld særleg data knytt til paleomiljø henta ut av andre SapienCE-forskarar gjennom ei forståing av klimaindusert landskapsutvikling.

Om postdoktorstillinga:

  • Søkjaren er forventa å utføre sjølvstendig forsking innanfor SapienCE sitt fokusområde.
  • Søkjaren er forventa å utføre forsking basert på feltarbeid og laboratorieanalysar. Feltarbeidet blir utført i Sør-Afrika. Laboratorieanalysar blir utført i Bergen og ved SapienCE partnarinstitusjon i Tübingen (Tyskland) og Royal Holloway (UK).
  • Søkjaren skal inngå i SapienCE-teamet og er forventa å jobbe tett med kollegar som forskar innan arkeologi, paleoklimamodellering og paleoklimarekonstruksjon.

Postdoktorstillinga har ei ramme på tre år og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Den som blir tilsett må i samarbeid med instituttleiar utarbeide ein plan for dette kvalifiseringsarbeidet.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører postdoktorprosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. Tilsetjing i postdoktorstilling krev at ein rettar seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga, og at ein har sin daglege arbeidsplass i Bergen i hele tilsettingsperioden.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha norsk doktorgrad (ph.d.) eller tilsvarande utanlandsk grad innan eit relevant fagområde (geoarkeologi, fysisk geografi, geomorfologi eller tilgrensande fagområde). Doktoravhandlinga må vere levert før søknadsfristen er ute, og oppnådd doktorgrad er eit vilkår for tilsetjing. Søkjarar som ikkje har norsk doktorgrad, blir vurderte etter krav frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT).
  • Søkjaren er forventa å ha erfaring med feltarbeid, ideelt sett i kystkontekstar, og bør kunne vise til erfaring med arbeid knytt til sedimentologisk, pedologisk og/eller luminescens-datering.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, vere komfortabel med feltarbeid utanlands, og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjaren må være villig til å samhandle med forskarar frå ulike disipliner, og vere positivt innstilt til å samarbeide om å produsere tverrfaglege publikasjonar.
  • Det er sannsynleg at dei fleste søkjarar vil trenge opplæring i anten laboratoriebaserte sedimentologiske/pedologiske metodar eller arbeid med luminescens-datering.
  • Søkjaren bør vere villig til å besøke dei relevante SapienCE-partnarinstitusjonane i det første tilsettingsåret for å få denne opplæringa, og foreta fleire påfølgande besøk etter behov for å gjennomføre analysar. Disse opplærings-/forskingsbesøka kan vare i fleire veker.

Ved vurderinga av søknadene blir det lagt vekt både på den vitskaplege kvaliteten i prosjekta og dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjarane.

Ved tilnærma like kvalifikasjonar mellom dei rangerte søkjarane blir det lagt vekt på motivasjon og kor personleg eigna søkjarane er.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Løn tilsvarande lønssteg 62 (kode 1352) i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på omlag kr. 573 500,- før skatt.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar.

Slik søkjer du stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGEN» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet.

Søknaden skal innehalde:

  • Prosjektskisse (inntil 5 sider/12.000 teikn) som gir ei utgreiing av korleis søkjaren vil gå fram for å oppnå måla i prosjektet, inkludert refleksjonar rundt metodikk, evne til gjennomføring og tilgang til data, samt ei kort utgreiing av søkjarens forskingsinteresser, motivasjon for å søkje stillinga, og ei utdjuping av korleis postdoktorprosjektet vil passe med SapienCE sine mål.
  • CV
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar. Ein av desse må vere hovudrettleiaren frå doktorgradsavhandlinga.
  • Liste over eventuelle faglege publikasjonar (publikasjonsliste)
  • Eit kort samandrag av doktorgradsavhandlinga (inntil 3 sider)
  • Skanna versjonar av originale karakterutskrift og vitnemål
  • Relevante attestar/referansar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Vedlegga kan vere i Word eller pdf-format.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga og ei full prosjektskisse kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Spørsmål om elektronisk søknadsprosedyre kan sendast på e-post til Det humanistiske fakultet: fakadm@hf.uib.no.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

UiB-id: 22/18845

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS