LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Postdoktor i GWAS og maskinlæring analyser

Søknadsfrist: 16.04.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Klinisk institutt 2

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, er det ledig ei 100 % stilling som postdoktor for ein periode på tre (3) år. Stillinga er knytt til prosjektet ”Modelling of diabetes progression to complications employing clinical, GWAS and proteomics data analyses of Norwegian Adult Diabetes Registry” finansiert av Trond Mohn Stiftelsen. Stillinga er lokalisert ved Mohn Forskningssenter for presis diabetesdiagnose (PRESIS-DIA) i Bergen.

Vi støttar lagspelarar til å nå sitt beste potensial og gir høvet til å utvikla dei faglege ferdigheitene i eit mangfaldig operativt miljø. Som ein del av samarbeidet med matematisk institutt strevar vi etter å gi støtte innan både klinisk og bioinformatikkvitskap.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

  • Storskala pasientdataanalysar av risikofaktorar for diabetes og relaterte vaskulære komplikasjonar i Norsk diabetesregister for vaksne
  • Storskala genomiske analysar ved bruk av GWAS og Somalogic proteomikk for beskriving av diabetesrelaterte fenotypar, dvs. kliniske faktorar og vaskulære komplikasjonar
  • Modellering av ulike omiske data, i.e. genetikk, transkriptomikk, og proteomikk ved bruk av standard regresjonsmetodar, og statistikk for maskinlæringsverktøy å føreseia behandlingsrespons og risiko for diabeteskomplikasjonar
  • Delta aktivt i bioinformatikknettverk i dei skandinaviske samarbeidande konsortia og rettleie biomedisinske master- og doktorgradsstudentar

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor biostatistikk, bioinformatikk, informatikk eller eit relatert felt, eller ha levert doktoravhandlinga innan søknadsfristen. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje og seinast innan 5 månader etter søknadsfrist.
  • Det krevst svært god kunnskap i statistikk og matematikk
  • Programmeringskunnskap er nødvendig
  • Det krevst erfaring frå GWAS-analysar
  • Erfaring med rådgjeving, undervisning, skriving av søknadar er ein fordel
  • Erfaring med diabetesforskning er ein fordel
  • Søkjar må kunne arbeide uavhengig og strukturert, og ha evna til å samarbeida med andre
  • Gode ferdigheiter i både skriftlig og muntlig engelsk er eit krav

Vi støttar lagspelarar til å nå sitt beste potensial og gir høvet til å utvikla dei faglege ferdigheitene i eit mangfaldig operativt miljø. Som ein del av samarbeidet med matematisk institutt strevar vi etter å gi støtte innan både klinisk og bioinformatikkvitskap.

Ei vakker plassering ved kysten med lett tilgang til natur, inkludert skog, fjord og høgfjell.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i postdoktorstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen.

Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Den tilsette kan bli pålagt pliktarbeid i form av undervisning og liknande arbeid ved instituttet.

Vi tilbyr:

  • Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Ei vakker plassering ved kysten med lett tilgang til natur, inkludert skog, fjord og høgfjell.
  • Løn for tida kr 573 900 (kode 1352, lønssteg 62) i lønsregulativet i staten. For søkjarar med medisinsk/odontologisk embetseksamen er løn for tida kr 584 700 (kode 1352, lønssteg 63). For søkjarar med spesialistutdanning er løn for tida kr 615 000 (kode 1352, lønssteg 66)
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
  • Karakterutskrifter og vitnemål (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar) og dokumentasjon på godkjent avhandling
  • Relevante attestar
  • Publikasjonsliste
  • Vitskapelege arbeid. Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf)
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Prof. Valeriya Lyssenko, e-post: valeriya.lyssenko@uib.no, telefon: +46-730427352

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS