LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Postdoktor i elektronisk litteratur ved Senter for digitale forteljingar (CDN)

Søknadsfrist: 01.04.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktor i elektronisk litteratur ved Senter for digitale forteljingar (CDN)

Velkomen som søkjar til ei ledig treårig stilling som postdoktor i elektronisk litteratur ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium med oppstart 1. september 2023, eller etter avtale. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år.

Om Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Instituttet femner om program i digital kultur, kunsthistorie, teatervitskap, litteraturvitskap, lingvistikk, klassisk filologi, nordisk språk og litteratur, norrønt, norsk som andrespråk og norskkurs for utanlandske studentar og tilsette ved Universitetet i Bergen. Frå hausten 2023 er instituttet stolt vertskap for Senter for digitale forteljingar (Center for Digital Narrative, CDN), eit norsk senter for framifrå forsking.

Stillinga vil vere tilknytt Senter for digitale forteljingar. Senteret fokuserer på algoritmisk narrativitet, interaktive miljø, materialitetar og skiftande kulturelle kontekstar der digitale forteljingar vert mottekne og omarbeidde. CDN undersøkjer korleis interaksjonane mellom menneskelege forfattarar og ikkje-menneskelege agentar fornyar narrative former, korleis digitale forteljingar har endra seg over tid, og korleis tekstmateriale og kulturelle kontekstar omformar bruken og funksjonen til digitale forteljingar.

CDN er eit dynamisk forskingsmiljø som vert husa i eit dedikert bygg i hjartet av Universitetet i Bergen. Ved oppstart er kring 12 vitskapleg tilsette, tre administrativt tilsette, syv ph.d.-kandidatar og to postdoktorar tilknytt senteret. Senteret held forskergruppemøte, samarbeider med leiande internasjonale forskarar innan digitale forteljingar, og arrangerer forskarskular, symposier og utstillingar.

Arbeidsoppgåver:

Senter for digitale forteljingar tilpassar ei omfattande open tilgangsplattform, ELMCIP Electronic Literature Knowledge Database, for å tene som ein varig forskingsressurs som vil dokumentera aktuell forsking i den breiare kategorien utforskande, digitale forteljingar. Databasen vil også omfatta nye narrative former som i aukande grad finst i dataspel, sosiale medium, berekningssystem og forteljingar i utvida røyndom (AR).

  • Søkjaren vil både bidra til å utvikla denne databasen og forska sjølvstendig med analysar av sjangrar, historier og teknologiske og kulturelle kontekstar for elektronisk litteratur.
  • Søkjaren vil og undersøke internasjonale, fleirspråklege databasar som dokumenterer elektronisk litteratur, digital forteljing og relaterte emne.
  • Søkjaren vil hjelpa med å utvikla ein eller fleire uavhengige søknadar om støtte til framtidig forsking med støtte frå CDN.
  • Søkjaren vil samarbeida med dei andre i senteret, delta i og bidra til seminara og arrangement der.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk doktorgrad (ph.d.) eller tilsvarande utanlandsk grad innan litteraturvitskap, digital kultur eller eit nærståande fagfelt. Doktoravhandlinga må vere levert før søknadsfristen går ut, og oppnådd doktorgrad er eit vilkår for tilsetjing. Søkjarar som ikkje har norsk doktorgrad, blir vurderte etter krav frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT).
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må beherske engelsk, både skriftleg og munnleg.

Erfaring i eit eller fleire av desse felta er ein føremon:

  • Erfaring med utvikling av ein forskingsdatabase.
  • Redaksjonell erfaring, til dømes med eit forskingstidsskrift eller ein database.
  • Publikasjonar med fokus på elektronisk litteratur.
  • Digitale humanistiske metodar, som dataanalyse og datavisualisering.
  • Kreativ praksis i elektronisk litteratur.

I vurderinga av søkjarane blir hovudvekta lagt på den vitskaplege kvaliteten i postdoktor-prosjektet samt akademiske kvalifikasjonar (publikasjonar og anna relevant erfaring). Det blir vidare lagt vekt på fagstrategiske omsyn, motivasjon og kor personleg eigna søkjarane er.

Om postdoktorstillingar

Postdoktorstillinga har ein ramme på tre år og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Den som blir tilsett må i samarbeid med instituttleiar utarbeide ein plan for dette kvalifiseringsarbeidet. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett, gjennomfører postdoktorprosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Tilsetjing i postdoktorstilling krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og rettar seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Løn 573 500 kr. brutto per år før skatt (stillingskode 1352, tilsvarande lønssteg 62 i statlege lønsregulativet). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar

Slik søkjer du stillinga

Søknaden skal sendast elektronisk via lenka «SØK STILLINGA» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet, og søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga. Dette bør ta for seg kvalifikasjonane og dei personlege eigenskapane som er oppførte ovanfor, og korleis søkjaren ser seg passe inn i CDN.
  • Ein prosjektskisse (to sider) som beskriv forskingsplanar i samanheng med arbeidsoppgåvene beskrive ovanfor.
  • Framdriftsplan for prosjektet.
  • Litteraturliste for prosjektskissa.
  • CV.
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, og vitnemål for doktorgraden eller stadfesting av at doktorgradsavhandlinga er levert. Eit kort samandrag av doktorgradsavhandlinga (inntil tre sider), som forklarer korleis det tek omsyn til den kunngjorde stillinga.
  • Inntil tre vitskaplege publikasjonar, som vil bli særleg vektlagde i vurderinga av akademiske kvalifikasjonar.
  • Andre relevante attestar og stadfestingar.
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren for doktoravhandlinga.

Søknad og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing.. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Joseph Tabbi, joseph.tabbi@uib.no, senterleiar Scott Rettberg, scott.rettberg@uib.no eller instituttleiar Anders Fagerjord anders.fagerjord@uib.no.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Spørsmål om elektronisk søknadsprosedyre kan sendast på e-post til Det humanistiske fakultet: fakadm@hf.uib.no.

SØK STILLINGA

Powered by Labrador CMS