Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Postdoktor
Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, er det ledig ei åremålsstilling som postdoktor (100 %) for ein periode på tre (3) år. Stillinga er knytt til prosjektet “System dynamics approach Using Chemical Compounds to Elucidate the Structure of Polycystic Ovarian Syndrome (SUCCESS)”, finansiert av Novo Nordisk Foundation.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Reprogrammering av pasientfibroblaster til induserte pluripotente stamceller (iPSCs)
Målretta differensiering av iPSCs mot endokrine cellelinjer
Genredigering og karakterisering av iPSC-baserte modellar med ulike teknikkar
Deltaking i innhenting av klinisk informasjon og biobankmateriell
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor Life Sciences eller ha levert doktoravhandlinga innan søknadsfristen. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje og seinast innan 5 månadar etter søknadsfrist
Søkjar må vise til erfaring med stamcelle- eller utviklingsbiologiske metodar
Erfaring med genredigerings-metodar vil verte vektlagd i evalueringa
Tidlegare vitskapelege merittar vil verte sterkt vektlagde i evalueringa
Erfaring med forsking på endokrine sjukdommar vil verte vektlagt i evalueringa
Evne til sjølvstendig initiativ, evne til samarbeid, høg arbeidskapasitet og entusiasme for forsking vert vektlagt i vurdering av søkjarane
Søkjar må vere særs god i munnleg og skriftleg engelsk
Om postdoktorstillinga:
Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som vert tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.
Åremålsperioden for stillinga er tre år, med høve til å forlenge perioden inntil eit år dersom eit forskingsopphald i utlandet skal inngå i perioden.
Den tilsette kan verte pålagt pliktarbeid i form av undervisning og liknande arbeid ved instituttet.
Sjå forskrift om tilsetjingsvilkår for postdoktor, stipendiat mv.
Vi tilbyr:
Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
Løn for tida kr 573 900 (kode 1352, lønssteg 62) i lønsregulativet i staten. For søkjarar med medisinsk/odontologisk embetseksamen er løn for tida kr 584 700 (kode 1352, lønssteg 63). For søkjarar med spesialistutdanning er løn for tida kr 615 000 (kode 1352, lønssteg 66).
Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
Karakterutskrifter og vitnemål (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar) og dokumentasjon på innlevert avhandling
Relevante attestar
Publikasjonsliste
Vitskapelege arbeid. Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (PDF)
To referansar (namn og kontaktinformasjon)
Generell informasjon:
Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Universitetet i Bergen er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknader til stillinga.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda til å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar utvida offentleg dokumentinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å stå på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.