LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Postdoktor (2,5 år) ved Klinisk institutt 2

Søknadsfrist: 12.08.2024

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling 

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk Institutt 2, er det ledig ei åremålsstilling som postdoktor (100 %) for ein periode på to og eit halvt (2,5) år, med moglegheit for eit tilleggsår i utlandet. Stillinga er knytt til prosjektet ” Norges befolkning ”, finansiert av Norges forskningsråd .

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Norges befolkning er eit nyskapande initiativ som binder saman storskala genomdata med høgst tverrfaglege analysar for å avdekke den finkorna genetiske og kulturhistoriske samansetnaden hjå den norske befolkninga. Grunna folkevandringars innverknad gjennom noregshistoria kjem funna til å gje innsikt av både nasjonal og internasjonal omfang. Fokus for prosjektet er:

  • i) Korleis Noregs befolkning er forma av tidlegare befolkningsstruktur og dynamikk
  • ii) Forholdet mellom befolkninga til geografiske naboar 
  • iii) Kopling mellom genetisk struktur og kulturelle/språklege trekk i Noreg
  • iv) Verknaden av demografiske endringar på genetisk struktur
  • v) Forbetre vurdering i høve til genetisk struktur i medisinske assosiasjonsstudiar og presisjonsmedisinske strategiar

Den som vert tilsett skal utføre genetiske strukturanalysar på Den norske mor, far, og barnundersøkinga, og relatere funna til samanliknbare datasett frå nordvest Eurasia frå noverande og historiske befolkningar. Den tilsette vil vidare fokusere på eit utval av dei førnemnde prosjektmåla.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor statistisk genetikk, genomikk, statistikk, bioinformatikk eller liknande fagfelt eller ha levert doktoravhandlinga innan søknadsfristen. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje og seinast innan 5 månadar etter søknadsfrist.
  • Erfaring frå storskala genetiske datasett og bioinformatikk er essensielt
  • Erfaring frå genetiske populasjonsstrukturanalysar er ein føremon
  • Interesse for eit eller fleire av fylgjande fagfelt er ynskjeleg: biomedisin, demografi, arkeologi, språkvitskap
  • Nytte engelsk munnleg og skriftleg 
  • Nytte eit skandinavisk språk er ein føremon
  • Arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. 

Den tilsette kan verte pålagt pliktarbeid i form av undervisning og liknande arbeid ved instituttet.

Sjå forskrift om tilsetjingsvilkår for postdoktor, stipendiat mv.

Vi tilbyr:

  • Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Løn for tida kr 624 500 (kode 1352, lønssteg 64) i lønsregulativet i staten. For søkjarar med medisinsk/odontologisk embetseksamen er løn for tida kr 624 500 (kode 1352, lønssteg 64). For søkjarar med spesialistutdanning er løn for tida kr 646 000 (kode 1352, lønssteg 66)
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga 
  • Karakterutskrifter og vitnemål (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar) og dokumentasjon på innlevert avhandling
  • Relevante attestar
  • Publikasjonsliste
  • Vitskapelege arbeid. Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (i PDF-format)
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon) 

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Universitetet i Bergen er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknader til stillinga.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda til å søkje stillinga. 

Universitetet i Bergen nyttar utvida offentleg dokumentinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å stå på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS