Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Postdoktor (2,5 år) - Klinisk Institutt 2

Søknadsfrist: 19.07.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktor (2,5 år)

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk Institutt 2, er det ledig ei stilling som postdoktor (100 %) for ein periode på to og et halvt (2,5) år. Stillinga er knytt til prosjektet ” Improving treatment for women with endometrial cancer”, finansiert av Norges Forskingsråd. Prosjektet vert leia av professor Camilla Krakstad og kandidaten vil verte ein del av Bergen Forskingsgruppe for Gynekologisk Kreft.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Vi søkjer ein målretta kandidat som ønskjer å jobbe i ei translasjonell forskingsgruppe med tett samarbeid med kliniske miljø. Prosjektet har som hovudmål å identifisere nye molekylære markørar for gynekologisk kreft. Kandidaten vil ha oppgåver knytt til studie av genetiske endringar i ulike sub-grupper av pasientar med livmorkreft. Klargjering av vevsprøvar for sekvensering samt analyse av sekvenseringsdata frå både DNA (Hel exom sekvensering) og RNA sekvensering vil verte viktig. Erfaring med validering av genetiske endringar og oppsett av PCR er og vesentleg.

Arbeidsoppgåver:

  • Kandidaten vil vere ansvarleg for analysar av sekvenseringprofilar frå både DNA or RNA sekvensering
  • For analyse av genetiske data vil kandidaten og ha ansvar for validering av funn. Både PCR baserte metodar og immunhistokjemi vil verte aktuelt.
  • Kandidaten vil samarbeide med forskarar i gruppa for å integrere nye data med eksisterande informasjon.
  • Kandidaten vil nytte ein kombinasjon av molekylære teknikkar, genetiske studiar og statistisk kunnskap for analyse av både kliniske og genetiske data.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor bioinformatikk, biomedisin, molekylærbiologi, eller lignande fagfelt eller ha levert doktoravhandlinga innan søknadsfristen. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje og seinast innan 19. desember 2020.
  • Erfaring frå analyse av genetisk data vil verte avgjerande.
  • Erfaring frå analyse av sekvenserings data som til dømes WES, RNA seq og/eller single cell seq data vil vektleggast.
  • Erfaring frå analyse av kliniske data er ein fordel.
  • God kjennskap til kreftbiologi er ynskjeleg, og kjennskap til gynekologiske kreftformar vil vektleggast.
  • I tilsetjinga vil det verte lagt avgjerande vekt på fagleg styrke, relevant forskingskompetanse og erfaring frå liknande prosjekt.
  • Søkjar må kunne nytte engelsk munnleg og skriftleg.
  • Arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i postdoktorstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen.

Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Den tilsette kan bli pålagt pliktarbeid i form av undervisning og liknande arbeid ved instituttet.

Vi tilbyr:

  • Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 62 (kode 1352/lønsramme 24.4) for tida kr 552 800, med medisinsk/odontologisk embetseksamen lønssteg 63 (kode 1352/lønsramme 24.7) for tida kr 563 700, med spesialistutdanning lønssteg 65 (kode 1352/lønsramme 24.9) for tida kr 583 900, i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
  • karakterutskrifter og vitnemål (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar) og dokumentasjon på godkjent avhandling
  • relevante attestar
  • publikasjonsliste
  • vitskapelege arbeid. Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf)
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen