LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Postdoktor i naturfagdidaktikk / biologididaktikk

Søknadsfrist: 11.12.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Ved Institutt for biovitskap er det ledig ei stilling som postdoktor i naturfagdidaktikk/biologididaktikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år, og knytt til forsking innan biologididaktikk og undervising på lektorprogrammet ved Det matematisk-naturvitskapeleg fakultet.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Vi søkjer ein engasjert kandidat til forsking på biologididaktikk og undervisning i naturfagdidaktikk/biologididaktikk. I stillinga inngår 25 % undervising på emne i lektorutdanninga, i første rekke naturfagdidaktikk, men også andre emne knytt til lektorutdanninga kan vere aktuelle, til dømes biologididaktikk og metodekurs i realfagdidaktikk. Undervisinga i naturfagdidaktikk er knytt til det integrerte lektorprogrammet og praktisk-pedagogisk utdanning. Arbeidet er variert, med forsking og rettleiing av masterstudentar i biologididaktikk, undervising og praksisbesøk. Det kan også vere aktuelt at den som blir tilsett forskar innan tidlegare fagfelt i dialog med rettleiar og til dømes ferdigstiller igangsett arbeid, samstundes med igangsetting av forsking i biologididaktikk.

Stillinga omfattar følgjande arbeidsoppgåver:

  • Undervising i naturfagdidaktikk, biologididaktikk og forskingsmetodar i didaktikk
  • Oppfølging av studentar i praksis
  • Forsking i biologididaktikk og biologi
  • Rettleiing av masterstudentar i biologididaktikk
  • Deltaking i fagmiljøa i lektorprogrammet og ved Institutt for biovitskap

Postdoktoren vert tilsett ved Institutt for biovitskap, som er vertsinstitutt for bioCEED (Senter for framifrå utdanning i biologi) og del av eit veksande miljø for disiplinbasert utdanningsforsking i Noreg. Postdoktoren vil bli rettleia av Jorun Nyléhn (førsteamanuensis i naturfagdidaktikk) ved Institutt for biovitskap.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innan biologi, biologididaktikk/naturfagdidaktikk eller tilsvarande relevante fagfelt. Ph.d.-studentar kan søkje om dei har levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Søkjarar med didaktisk doktorgrad må ha brei kompetanse i relevante biologiske tema.
  • Erfaring frå undervisning er ein føremon, gjerne inkludert undervisning i didaktikk.
  • Erfaring frå undervisningsutvikling og forsking på læring og undervising er ein føremon.
  • Kjennskap til R (eller liknande statistiske verktøy) er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode norsk- og engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane. I tillegg har motivasjon for å arbeide med lektorutdanning og entusiasme for undervisning og rettleiing av studentar stor betydning.

Særeigne krav for stillinga

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan, inkludert ein framdriftsplan, for korleis prosjektperioden skal bidra til at postdoktoren styrkar sin kvalifisering inn mot vidare arbeid i sektoren.

Vi kan tilby:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø.
  • løn som postdoktor (kode 1352) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr 573 900 (tilsvarande lønstrin 62). Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse.
  • gode velferdsordningar.

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at avhandlinga er levert innan søknadsfristen.
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Førsteamanuensis Jorun Nyléhn, Institutt for biovitskap, tlf. 55 58 81 77, Jorun.Nylehn@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Etter søknadsfrist vil det bli oppnemnt ein komité som skal vurdere søkjarane. Søkjarar har innsynsrett i omtalen av deira faglege kompetanse. Søkjarar som ønsker innsyn kan kontakte saksbehandlar etter mottak av brev om oppnemning av komité.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS