Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Ph.d. - Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Søknadsfrist: 10.05.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ph.d. - stipendiatstilling tilknytt prosjekt - Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium er det ledig ei stipendiatstilling. Planlagt oppstart er 1. august 2020, eller etter avtale. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år. Stillinga er knytt til prosjektet Norwegian across the Americas: New Perspectives on Heritage Languages, finansiert av Forskningsrådet.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha norsk mastergrad eller tilsvarande innan lingvistikk, eit språkfag eller eit tilgrensande fag. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd innan søknadsfristen går ut. Søkjarar som ikkje har norsk mastergrad, blir vurderte etter krav frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning (NOKUT). Dokumentasjon av utanlandsk utdanning vil kunne bli sendt til NOKUT for å vurdere om utdanningsgrunnlaget er likeverdig med norsk mastergrad.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, ha gode samarbeidsevner og vere fleksible
  • Søkjarar må beherske engelsk på eit høgt nivå, skriftleg og munnleg
  • Søkjarar må ha tilstrekkelege norskkunnskapar til å arbeide med dette språket på eit vitskapleg nivå
  • Søkjarar må ha ein sterk forskingsinteresse for grammatikk og bør ha kjennskap til/vere interesserte i formelle tilnærmingar til språk

I tillegg vil dei følgjande eigenskapane/kunnskapane bli rekna som ein fordel:

  • Erfaring med datainnsamling (særleg feltarbeid)
  • Erfaring med datahandtering
  • Spanskkunnskap
  • Kunnskap om/interesse for morfosyntaktisk variasjon og diakron endring

Ved vurderinga av søknadene blir det lagt vekt både på den vitskaplege kvaliteten i prosjekta og dei faglege grunnkvalifikasjonane hos søkjarane.

Ved tilnærma like kvalifikasjonar mellom dei rangerte søkjarane vil det bli lagt vekt på fagstrategiske omsyn, motivasjon og kor personleg eigna søkjarane er.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Løn tilsvarande lønssteg 54 (kode 1017/LR20, alternativ 10) i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr 479 200 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar.

Søknaden skal innehalde:

Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGEN» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet.

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • CV
  • Namn og kontaktinformasjon til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve
  • Karakterutskrift og vitnemål for bachelor- og mastergrad
  • Masteroppgåva til søkjaren og eit kort samandrag av denne oppgåva (inntil 3 sider)
  • Relevante attestar
  • Prosjektomtale (inntil 5 sider), sjå nettsida til prosjektet for relevant bakgrunnsinformasjon. Prosjektomtalen skal innehalde:
    • Eit kort samandrag (abstract) som samanfattar prosjektet.
    • Forskingsbakgrunn. Korleis plasserer prosjektet seg i denne, og korleis vil det tilføre ny kunnskap?
    • Hovudmålsettingar, forskingsspørsmål og eventuelt hypotesar
    • Teoretisk tilnærming og metodologi
    • Tidsplan
    • Litteraturliste
  • Liste over eventuelle faglege publikasjonar (publikasjonsliste)
  • Eventuelle vitskaplege arbeid (inntil 3)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Vedlegga kan vere i Word- eller pdf-format.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Førsteamanuensis Kari Kinn, tlf. 55 58 30 34, e-post: kari.kinn@uib.no eller
  • Instituttleiar Anders Fagerjord, tlf. 55 58 36 53, e-post: anders.fagerjord@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.

Spørsmål om elektronisk søknadsprosedyre kan sendast på e-post til Det humanistiske fakultet: fakadm@hf.uib.no.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS