Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Ph.d.-stipendiat i matematikk
Ved Matematisk institutt er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i matematikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år. Stillingen er knytt til Pandemisenteret og 2/3 av pliktarbeidet (til dømes undervisningsoppgaver) vil vere der.
Pandemisenteret
Pandemisenteret er eit uavhengig senter ved Universitetet i Bergen (UiB), administrativt forankra ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin og tematisk ein del av UiB si satsingsområde Globale Samfunnsutfordringar (GSU). Visjonen til senteret er å produsere, undervise og dele samfunnsrelevant kunnskap for førebygging og handtering av pandemiar i eit langsiktig perspektiv. Senteret har som føremål å initiere og leggje til rette for tverrfagleg forsking- og utdanningssamarbeid om tema relatert til pandemiar.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver
Stillinga er knytt til prosjektet MATHCOM. Prosjektet fokuserar på uvissekvantifisering i dataanalyse og modellering knytt til epidemiar og pandemiar, og på utfordringar og metodar for å formidle slike uvisse til personar med ulik bakgrunn. Phd-studenten vil arbeide tett med forskarar med ulik vitskapleg bakgrunn innan Pandemisenteret, inkludert phd-studentar frå andre felt.
Kandidaten vil ha arbeidsstad ved Matematisk institutt, men det er forventa at vedkommande arbeider ein del av tida ved Pandemisenteret ved Alrek helseklynge i Bergen.
Hovedoppgavene vil være:
Bidra til utvikling av det tverrfaglege arbeidet ved Pandemisenteret.
Gjennomføre ein litteraturgjennomgang om ulike reproduksjonstall, korleis dei estimeres og uvisse i desse metodane.
Gjennomføre dataanalyse på tilgjengelege data fra COVID-19-pandemien.
Undersøkje dei operasjonelle epidemiologiske modellane som vert nytta av styresmakter, med særleg fokus på uvisse og følsemd til endringar i parametre.
Undersøkje nye metodar for å estimere reproduksjonsnummer ved å kombinere data og modellering, til dømes ved å nytte dataassimilering og maskinlæringsmetodar.
Undersøkje korleis menneske med ulik bakgrunn forstår risiko og uvisse.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i matematikk, anvendt matematikk, statistikk eller datavitenskap. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 31.08.2021. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
Solid bakgrunn i matematiske emner, som lineær algebra, numeriske metodar og grunnleggjande statistikk er eit krav.
Programmeringserfaring, i til dømes Python, R eller Matlab, er eit krav.
Solid bakgrunn i avansert statistikk, dataanalyse, sannsynlighet og risikoanalyse er ein føremon.
Bakgrunn i matematisk modellering, dynamiske systemer, differensialligninger og/eller inverse metoder er ein føremon.
Erfaring frå å nytte maskinlæringsteknikkar er ein føremon.
Søkjarer må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
Om stillinga som ph.d.-stipendiat
Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling. 2/3 av pliktarbeidet (til dømes undervisningsoppgaver) vil vere ved Pandemisenteret.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga
Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi tilbyr
Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 491 200 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga, inkludert refleksjonar rundt utfordringar og mogelegheitar ved å arbeide tverrfagleg.
ein kort beskriving om korleis du kan bidra til å ut utvikle Pandemisenteret
namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
CV
karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, kan du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad og oppnådd karakter, innan 31.08.2021.
eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
eventuelle publikasjonar
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.
Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Professor Guttorm Alendal, Matematisk institutt, guttorm.alendal@uib.no, mobil +47 99395056
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.